Duft
Comments 9

Miller Harris Feuilles de Tabac

28Miller Harris er eit parfymehus som er grunnlagt av Lyn Harris, ein ung kvinneleg parfymør som har arbeidd i dei store parfymehusa i Paris før ho starta sitt eige parfymehus i London.

Duftene hennar er annleis enn dei du vanlegvis finn i store parfymeri. Ho arbeider berre med naturlege råvarer, og tenker parfyme på ein annan måte enn dei som skal forsvare enorme marknadsføringsbudsjett. 

Duftene frå Miller Harris er ofte unisex, altså gode både på kvinner og menn. Dei er komplekst komponerte, men likevel har kvar duft sin distinkte karakter. Når du luktar på ei Miller Harris-duft får du ikkje kjensla av at dette har eg lukta på før. 

feuillesEg hadde ein omfattande runde der eg verkeleg testa tolmodet til den vennlege dama på Heaven Scent i Jacob Aalls gate. (Ho besto prøva.) Dei som lukta godt på papir vart prøvd på huda, og Feuilles de Tabac kom ut som ein vinnar for meg. 

Feuilles de Tabac er ei typisk vinterduft. Den byrjar med ei varm, kamferaktig duft, der edeltre og tobakk er ein del av duftbildet saman med peppar. Litt sitrus er det også i opninga, men den blir fort borte. Eg får kjensla av å stikke nasa ned i ei lita kiste av kamfertre som det har lege sigarar i lenge, lenge. 

Når den tørkar inn kjem patsjuli-dufta fram, den er søtleg men ikkje enerverande, krydra og rik. Sødmen vert balansert av eit lite skarpt hint av furunål. Ikkje så skarpt at det stikk, men så skarpt at det ikkje vert kjedeleg.

krotonEg var veldig nysgjerrig på ein av duftnotane i Feuilles de Tabac, cascarrillaolje. Det viste seg å vere olje frå den aromatiske barken av ein variant av Kroton, den mykje brukte stoveplanta.

Oljen vert utvunnen av slike viltveksande krotontre, som vert enorme i varme strøk, og får ein tjukk bark som er rik på aromatiske stoff, ein slags kvae. Det hadde ikkje ho bestemor trudd, at stovekrotonen hennar kunne bidra i parfymeindustrien.

Eg har sagt at dette er ei unisexduft, men første kvarteret er den ganske mandig. Så har den fått rast frå seg, gjeve slepp på mange av dei skarpe notane, og så ligg dette mørke, varme sløret att, som hyllar deg inn. Deilig!

 

 

 

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. sol says

    takk for ei svært fin skildring, og god research 🙂 No veit eg at eg må prøve denne igjen med orda dine i hovudet. Eg har forøvrig også ei Miller Harris-parfyme, ei “sommareng” duft som sjeldan blir nemt i parfymebloggane: Coeur d’été.
    Skal forresten til oslo eit par dagar i begynnelsen av mai, oppi alt må eg prøve å presse inn i programmet eit besøk på Heaven Scent!

  2. Ja! Eg har vore på sniffetur i dag med ei utanbys venninne, Frå Gimle til Heaven Scent via Bogstadveien parfymeri og til Hermès og Steen & Strøm før vi velta oss ned i ein sofa på Coco Chalet med ei flaske italiensk… Deilig! 😀

  3. sol says

    du skal få beskjed når eg veit sikkert når eg kjem! Har lyst til å få tid til det! 🙂
    ps: den turen høyrtes (nesten) himmelsk ut!

  4. velduftende says

    Jeg har ikke prøvd noe fra Miller Harris enda – Skal få det til i London! Når jeg er på storbytur, må jeg ta hensyn til reisefølget mitt, så det begrenser seg litt med snusing. Denne gangen får jeg mer tid for meg selv, og DET ser jeg fram til 🙂 Men alt kan jeg ikke lukte på – Kan fort bli for mye. Feuilles de Tabac virker spennende

  5. Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt

  6. Pingback: Ein fin dag « Alt godt

Leave a Reply