Tilbehør, Veggis
Comments 9

Sylta sitronar


Orchis utfordra meg for ei stund sidan til å kome med oppskrift på sylta sitronar. Eg er ikkje skvetten, så no har eg eksperimentert igjen. Det byrja med at eg såg dette skiltet hos Gutta på Haugen:

img_5253

Som du ser var dei så dyre at ein må synge før og etter ein et dei, men til sylta sitronar er dei økologiske best. Då er du nokolunde sikker på at dei ikkje har blitt sprøyta med kjemikalier, og at dei ikkje er overflatebehandla.

Finn du ikkje økologiske sitronar, så ikkje la det stoppe deg. Bruk dei finaste du finn i butikken, (dei stygge kostar det same, så eg har aldri forstått kvifor ein ikkje alltid tek dei finaste) skrubb dei godt og så gjer dei same nytta.

Fem sitronar fekk vere med heim, og vart vaska godt i lunka vatn. Så delte eg dei i båtar, og fjerna steinane.

img_5119

Eg var i kjellaren, og fann eit halvstort (kanskje ein liter?) patentglas, som eg vaska godt og dyppa i kokande vatn. Båtane pressa eg så og seie tomme for saft, og så la eg båtane i glaset. Safta fekk sjølvsagt vere med oppi glaset. Etter ca. ein sitron strødde eg ei spiseskei med grovt salt på. Slik fortsette eg til eg hadde glaset fullt. På toppen strødde eg eit godt lag salt, og så knepte eg på loket. No står det i kjøleskapet, og eg vender på det no og då.

img_5120No må eg få presisere at eg gjorde dette på laurdag. Eg gjev med andre ord ingen garantiar for at dette kjem til å fungere eller smake godt. Som vanleg her i huset er dette eit eksperiment.

I følge min sitronsylteekspert skal dette no stå minst tre veker, og då kan det hende det er etande.

Grunnen til at eg legg sitronbåtane i glaset i si eiga saft er at sjølve fruktkjøtet vert alt for salt viss det vert lagt i direkte. Sitronsafta er med på å tynne ut saltet, på ein måte. Det er skalet vi er ute etter å bearbeide her. Dette er på ein måte den salte versjonen av sukat.

img_51241Så kvifor gjer eg dette, bortsett frå at eg ikkje kan motstå ei utfordring? Eg har smakt saltsylta sitronar, og det var fantastisk. Eg fekk det servert i ein salat, og det kan brukast som pickles, eller som «krydder» i ein marokkansk tagine. Ja, eg veit at eg no implisitt har lova ei oppskrift på dette og. Det får kome rundt påsketider.

No får du vurdere om du tek sjansen, og syltar sitronar på eiga rekning og risiko, eller om du ventar og ser om det klaffar for meg. Lykke til!

This entry was posted in: Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. orchis says

    Hjertelig takk! Dette skal prøves. Har tilgang til masse gratis bio-sitroner fra naboen. 95 kr/kg var vel litt drøyt, selv for ekte, usprøytede mafiasitroner…? Med slik pris burde jeg vurdere eksport herfra… 🙂

    Har lest i noen oppskrifter at saften også er med på å konservere sitronene. Et sted stod det forklart at saltet trekker ut saften etter få dager, og dersom det ikke dekker sitronene helt, presser man noen og fyller på ekstra. Kjenner du til dette?

    Vet du om appelsiner kan brukes på samme vis?

    Likar

  2. Det er nok ekte mafiasitronar, og det forklarer prisen.

    Syra i safta er viktig her, ja. Den konserverer i tillegg til at den gjev smak. Så å fylle på med sitronsaft dersom det går tørt på toppen er eit godt tips.

    Eg har ikkje prøvd å gjere det same med appelsinar, men det er vel berre å prøve seg fram? Meld frå om resultatet viss du gjer det!

    Likar

  3. Hei, har du smakt på sitronene ennå? Hvordan ble resultatet? Jeg har nettopp fylt et glass med hele sitroner og saltlake etter en marokkansk oppskrift, veldig nysgjerrig på hvordan det ser ut og smaker om noen uker …

    Likar

  4. Eg har prøvd ein, den hadde nok lege for kort, når eg fjerna fruktkjøtet såg det ut som eit vanleg fruktskal. Så googla eg litt, og fann sur-søte sitronar, og impulsiv som eg var slo eg på glaset ein dl sukker. No er dei nok klare for smaking igjen snart, eg kjem med rapport! 😀

    Likar

  5. Tilbakeping: Berre pølser « Alt godt

  6. Tilbakeping: Gåveidéar « Alt godt

  7. Tilbakeping: Lokkemat « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s