No er eg så sprekkeferdig av lengt etter våren at eg må lage han sjølv, inne. I hagen min ligg det framleis ein halv meter snø, og sidan solveggen min er nordaustvendt er det vel fare for at den vert liggande der ei stund. Difor har eg gjort som så mange andre, og arrangert téte a téte innandørs.
Dette er eigentleg basilikumkrukka mi, den som brukar bli med på biltur. Eg skal så basilikum i den når dei små, søte påskeliljene er avgått ved døden, men enn så lenge står våren i vinduskarmen min og slikkar sol. I bakgrunnen: Kong Vinter. Enn så lenge.
Ja en kan jo alltids skape litt vårstemning i vindueposten vi som må vente litt på våren ute. Ja kanskje vi treffes på messa da, jeg gleder meg som en unge 🙂