Det er alltid ein snakkis når parfymer går ut av produksjon, dei som misser si kjære signaturduft blir fortvila og bygger lager, dei som mislikte den frydar seg. Mange parfymer er tekne av kartet i det siste, til dømes Fendi Palazzo. Eg kan styre meg for den, så eg sørgar ikkje.
Ei anna linje som i følge informerte kjelder er på veg ut, er Bulgari si Omnia-linje, samt Black, Thé Rouge og Blu Notte. Dei to siste har eg aldri sett i Norge, men Bulgari Black dumpa eg borti på eit parfymeri i dag.
Bulgari Black er ei unisex-duft, og du ser det med ein gong du pakkar den opp. Den ser ut som eit traktorhjul på ein glasfelg.
Dette med flaskene på unisex-parfymer er ei historie for seg sjølv. Dei må for all del ikkje sjå feminine ut. Rosa, lilla og kvitt er forbode. Det virkar som om produsentane er trygge på at damene kjøper kva som helst dersom dei likar det, det viktige er at ein for all del ikkje må gje mennene femi-kjensla. Sarah Jessica Parker sin parfyme Lovely var opprinneleg meint som ei unisex-duft, påstår informerte kjelder. Men produsenten ga opp, og lagde den rosa. Då er det køyrd for mannemarknaden, sjølv om eg er sikker på at mange menn kunne lukte fantastisk i Lovely.
Det eg kan seie om flaska til Black er at den er ein smule upraktisk å spraye, men når du endeleg får ut noko er det lutter glede. Black er ei teduft, og ikkje bygd opp som ei tradisjonell pyramide-parfyme. Den er ganske lineær, og er nær huda. Du skal ganske tett innpå for å kjenne den. Men den luktar fantastisk. No er eg lidenskapeleg glad i god te, og er det te og bergamott i ein parfyme likar eg den som hovudregel, så eg er ikkje overraska.
Black har veldig lite blomeduft, berre eit lite hint av jasmin i tillegg til te, edeltre, litt sitrus og vanilje. Den er ikkje påtrengande mannleg, og heller ikkje feminin. Berre deilig, nær, varm og lett å sette pris på. Eg samanlikna den med Kapsule Floriental, som eg først assosierte den med, men Floriental har mykje meir blomar og krydder enn Black. Der Floriental er spennande, kompleks og litt vill, er Black elegant, slank og roleg. Finn du den på din veg, så prøv den, det kan hende du finn ein skatt som er på veg ut av historia.
Ja vet du, nå skal jeg prøve teste ut Black! Ble så nysgjerrig her nå, selv om jeg etter å fått barn ble allergisk mot parfyme…Men siste pjokk ble da spytta ut for ti år siden og ting forandrer seg… Ikke tålte jeg appelsin før heller, men nå derimot;0) Solo kan jeg drikke OG!
Og imorra er det kjøttsuppe i mitt hjem, gleder oss stort katter som mennesker ;0) Ha en fin tirsdag der ute!
Sånt går ofte over, og så varierer det kva ein reagerer på. Ei venninne av meg, som toler nesten ingen parfymer, toler parfymene frå L’Artisan. Mest naturlege ingrediensar og ikkje så mykje kjemi. Heaven Scent på Majorstua har dei, så det får vente til ein Oslotur for din del.
Åhh, jeg har kjøpt meg en bryllupsparfyme fra L´artisan – den står urørt og venter på sommer. Mûre et Musc extreme….
Nå fikk jeg selvsagt lyst på Bulgari. Stønn! Og jeg som nettopp har kjøpt Burberry’s Brit. Ikke si det til noen. Den var på salg, altså – til halv pris. *knis*
Gryda: Eg har den, deilig… Kjempefin sommarduft.
Britt Åse: Hæ ? Eit kupp! 😀
Og jeg vil anbefale Davidoff Adventure som ifølge min nese har en deilig etterduft av fersk fiken.
Den skal eg prøve!
Jeg liker også Black, men har bare en mini-flaske. Tror jeg hadde brukt den oftere hvis jeg hadde hatt en stor flaske ..
Dei hadde to 40 ml igjen hos Bogstadveien parfymeri, det er einaste plassen eg har funne den i Norge.
Takk, da får jeg vel sikre meg en flaske 🙂
Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt
Jeg fant frem til bloggen din etterhvert – deilig med inspirasjon!
Har du sett denne nettbutikken ?
http://www.shopping4net.com/no/Skjoennhet/For-henne/Parfyme/Eau-de-toilette/Bvlgari.htm
Jeg var meget skeptisk til om det kunne være ekte vare, men jeg har bestilt flere av mine gamle favoritter derfra- det er jo billig!-og det ser og som og lukter som ekte vare.
Ser man det! Nå fikk jeg tak i Bulgari Black til halv pris for 30 ml på Frangrancenet og ytterligere 10% off 🙂
154,- for duften + frakt.
Det kaller jeg et kupp 😀