Beautiful
Mine tidlegare dufter har eg ikkje noko nært forhold til, men Beautiful frå Estee Lauder var mi første «signaturduft. Det var byrjinga på ei lang rekke av Lauder-dufter som eg likar godt. Knowing, Pleasures og Spellbound er andre som eg har eigd og hatt glede av. To av dei lurer eg veldig på kvar dei vart av. Dei vart kanskje kassert eller gitt bort i samband med ei flytting? Synd, i så fall. Beautiful er ei typisk blomsterparfyme, den vart i følge informerte kjelder lagd til Estee Lauder sitt bryllup. Den vart lansert i 1985, eit merkeår i mitt liv, for då flytta eg til Oslo, byen eg visste eg skulle bu i sidan eg var 12. Denne parfymen er eit godt eksempel på at sjølv om ein ikkje likar så godt enkeltelementa i parfymen, så kan heilskapen bli nydeleg. Ein av dei viktigaste toppnotane i Beautiful er solbær, ikkje ein av mine favorittar. Eg syns heller ikkje at sitron er så godt i parfyme (i teen, derimot, der må den vere med). Liljekonvall derimot, …