Lakselapskaus er kanskje ikkje det ordet eg kjem til å få flest søketreff på, men det får stå si prøve. God vart den, iallfall. Eg hadde ein rest av ein salmalaks liggande, ikkje nok til steikt laks til alle, men nok til ein lapskaus.
Med gulrotrestar i kjøleskapet, ein pastinakk og ein bunt asparges vart dette reine luksusmiddagen i all si enkelheit. Slik gjorde eg det:
600 g fersk laks
1 pose lapskausblanding, frosen
2 dl kvitvin eller eplejuice
Ein bunt asparges
Ein pastinakk
2 dl vatn
3 dl kremfløte
2 ss grønsaksfond eller fiskefond
1 ts dill
Salt og peppar
Kok opp vatn, vin/juice og fond i ei gryte. Skrell pastinakken, og skjer den i passe store bitar. Ha den i krafta, og la den koke nokre minutt. Ha i lapskausblandinga, og la den koke opp.
Knekk aspargesane, og del dei i passe store munnfullbitar. Vend inn aspargesane i grønsaksblandinga, og la det heile dampe under lok i to-tre minutt til alt er mørt. Vend inn dillen, og slå på fløten. Smak til med salt og peppar.
Skjer laksen i tynne skiver. Slepp dei forsiktig ned i gryta. La det heile trekke i to-tre minutt til laksen er gjennomvarm. Server med eit godt brød til.
Lapskausen kan supplerast med grønsaksrestar viss du har, både kokte poteter, gulrøtter eller bønner av ulikt slag kan gå i lapskausen. Den kan også lagast med kvit fisk, som hyse, lyr eller torsk. God middag!