Det er nok rett å seie at eg er over snittet interessert i kva lukt eg spreier rundt meg. Eg har “alltid” brukt parfyme, men dei siste åra har eg variert meir enn før. Tidlegare hadde eg ein “signaturparfyme” over ei lang periode. Dei tidene er altså over.
Tirsdag var eg ein tur innom ein stor parfymebutikk her i byen, og i herreavdelinga fann eg denne serien. Det er Karl Lagerfelds serie Kapsule, som kjem i tre ulike variantar: Woody, Light og Floriental. Parfymene er nok meint som unisex-parfymer, og sidan eg generelt har eit ganske fritt syn på kva dufter som er for menn og kva som er for kvinner, så eg testa alle tre. Floriental måtte få bli med meg heim. Den er krydra, med nokre milde edeltrenotar og med eit hint av fiol, som eg vanlegvis ikkje er så glad i. Her fungerte det fint, og eg har hatt det deilig med denne på meg dei siste par dagane.
Korleis skal ein velge sin parfyme? Sjølv om eg likar denne er det jo slett ikkje sikkert at du likar den. Parfymar kan også skifte ganske markant karakter etter kva person som har den på seg. PH-verdien i huda har mykje å seie for korleis ei duft utviklar seg på deg, og kva notar som vil kome mest fram.
Dei fleste dufter er sett saman av tre nivå; toppnotar, hjartenotar og botnnotar. Toppnotane er ofte florale eller fruktige, det er dei første inntrykka du møter av ei duft. Å dømme ein parfyme basert på toppnotane er farleg, den kan utvikle seg i overraskande retningar når hjartenotane og botnnotane får spele fritt. Det er best å gå med ein parfyme på huda minst ein dag for å avgjere om den skal bli din eller ikkje.
For å finne din parfyme må du berre prøve og prøve. Det er slett ikkje alltid at dei dyraste er dei beste, Body Shop og Vita har også gode dufter innimellom dei tråkige fruktbombene.
For meg er det ei intens kjensle av lykke når eg har funne ei duft som eg føler er “meg”. Dufta smeltar saman med huda mi, og blir til ein del av meg. Når eg får (eller gir) ein klem vil eg at dei skal oppleve at eg luktar godt, ikkje at eg luktar “parfyme”. Makes sense? Sikkert ikkje.
ja, eg var inspirert av denne, forstod ikkje heilt kvifor den var vekke ei stund der, vakker er den. OG det har alltid vore slik med deg, så ja, makes sense. Ein lærer korleis ein skal lukte godt i klemmen, av dei som er eldre enn seg.
eg prøvde lenge musk, sidan du snakka om den, og brukte den ei tid, men det var vanilje på meg, er vanilje som per tida er meg.
Den var borte ei stund, men den låg i rollen på høgre side, og kom fram om du klikka på den. Rart. Du må legge inn lenke til din blogg når du kommenterer. Body Shop Vanilla er veldig deilig.
korleis eg legg inn lenke, eg forstår ikkje
Uhm! -jeg sitter her og dufter teak-/mahognyaktig vanilje med et lite hint av kokos. Serge Lutens. Happyhappy!
Åååå, den må du ha med til neste sniffetreff!
Ja, det skal jeg. Jeg gleder meg voldsomt til å “vise” den for deg 😀
Pingback: Dette tok ikkje heilt av… « Alt godt