Mat, Middag, Sausar og dippar, Veggis
Comments 3

Gjensyn med skapfyllet


På det glade 70-talet var det god skikk at det sto minst tre fondygrytesett på eit bryllupsgåvebord. Dei fleste heimar der vigselsattesten er datert mellom 1968 og 1980 har eit slikt innerst i eit skap. Slikt skapfyll bør slik eg ser det møte verda på ein av to måtar: enten på loppemarknad slik at nokon andre som framleis syns fondy er gøy kan få glede av dei, eller så bør dei bli tekne i bruk att. 

Fondy er i ferd med å bli moderne igjen, det har blitt meir vanleg å få tak i reinskore, godt mørt kjøt, og 70-talet er blitt mote igjen både når det gjeld mote, interiør og design. Sjå berre korleis dei gamle, emaljerte Katrineholm-grytene går unna til høge prisar i bruktbutikkane på Grünerløkka i Oslo. Og dei klassiske oransje piskebollane som ein fråfallen svensk prins designa er sett i produksjon igjen, lik dei berømte Relling-stolane frå Indre Sunnmøre.

Har du ikkje fondysett, er det inga krise. Inntil sist jul, då eg vart eigar av mitt første fondysett, hadde eg klart meg med ei lita jerngryte på ein tevarmar med eit stort telys under. Det treng ikkje vere eit livsfarleg raudspritbluss som gjev varme til gryta. Har du ikkje fondygaflar, så kan du bruke dei små grillspyda du finn i innvandrarbutikkar som er laga av bambus. Dei passar kjempefint som «fondystikker».

Ostefondy er ein sveitsisk nasjonalrett, typisk mat for kalde vinterdagar då kroppen treng byggesteinar for å halde kulden ute. Ostefondy er ein fin måte å få brukt restar på, gamalt brød går med, det same gjer osteskorper, berre du skjer mygla av først. Eg har brukt restar av brie, (utan skorpe), jarlsberg og norvegia, alt blir godt. Men den originale utgåva skal lagast med dei sveitsiske spesialitetane Gruyere, Appenzeller eller Comte. Vanleg norskprodusert sveitserost går og fint. Ostefondy er lett å lage, og er ein koseleg rett å by gjestar. Slik gjer du det:

Ostefondy

Masse brød, ein heil loff går gjerne med. Grovt brød passar og fint. 

6-700 gram ost i strimlar eller skiver

2-3 dl tørr kvitvin

Eitt fedd kvitløk

Peppar

Eit drammeglas kirsch eller vodka

Små suragurkar

sylta sølvløk

Del brødet i grove terningar, eg likar å riste dei litt. Legg terningane på ei plate i steikeomnen med varmluft på 200 grader i 5 minutt. Del kvitløksfeddet i to, og gni det på innsida av fondygryta. Ha osten i fondygryta på svak varme på komfyren, og slå over vin og brennevin.  Kvern over litt peppar, og la osten smelte til det blir ein glatt, kremaktig saus. Sett gryta på fondyvarmaren, og be til bords.

Ved bordet dyppar ein brødbitane i ostesausen, og lang innpå. Dei sure agurkane og løkane balanserer den ganske feite ostemassen smaksmessig, og passar perfekt til. Går du tom for brød, og har ostesaus igjen, så sjå i kjøleskapet om du har nokre kalde poteter liggande. Terningar av faste, kokte poteter kan og dyppast i ostemassen. Den som mistar ein brødbit i ostemassen skuldar verten ei flaske vin. Kva som skjer om verten mistar ein brødbit veit eg ikkje.

Ofte når det skal vere med alkohol eller kvitløk i maten står det Kan sløyfast i parantes i oppskriftene. Slik er det ikkje her. Ostefondy er ikkje for fråhaldsfolk, trist men leitt, og slik er det. Eg har prøvd å bytte ut kvitvin med buljong, med kommunalkraft (vatn) og mjølk, og det fungerer ikkje. Brukar du lite og sjeldan vin, kan du fryse slanten du får att når du har brukt halve flaska i fondyen, og spare den til eit seinare høve. Då har du vin til sausen neste gong du skal lage ein ekstra god fiskesaus, til dømes.

This entry was posted in: Mat, Middag, Sausar og dippar, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. snillesofie says

    tips: venstrestill teksten, så vert teksten enklare å lese, for lesaren. Nydeleg tekst forresten, du skriv så godt gode deg!!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s