Duft
Comments 9

Svipptur til Hermès del III


Eg fekk ikkje sniffa meg igjennom heile butikken her om dagen, så i dag kjem dei siste observasjonane eg gjorde meg. Resten av tilbodet får eg ta for meg etter neste svipptur.

Hermès i Oslo er blant dei (påstått) få Hermèsbutikkane som sel Hermèssence-colleksjonen. Hermèssence er ein serie som vart lansert i 2004, duftene er stort sett unisex, med ganske få notar i kvar parfyme. Etter mitt skjønn er dette verkeleg juvelen i Hermès-butikken, og Jean Claude Ellena har verkeleg lukkast med dei eg har lukta på av desse duftene.

Osmanthus Yunnan er prega av kombinasjonen av svart te og blomar. Hovudnoten blant dei florale er som namnet seier Osmanthus, ein plante i olivenfamilien. Toppnotane er her som i mange andre parfymar prega av sitrus.

Eg likar denne veldig godt, den er elegant, ikkje lineær, men blir borte og kjem att. Den endar opp med ein varm, søtleg men ikkje klissete botnnote som det er deilig å ha på handleddet, og sniffe på innimellom.

Vetiver Tonka er også ein tiltalande parfyme. Vetiver er eit grovt, grønt gras som vert mykje brukt for å hindre ørkenspreiing, den bitt jorda svært godt. I tillegg har den altså svært aromatisk duftande røtter.

Botanisk er vetiver mellom anna i familie med sitrongras som ein brukar i thai-mat. Lukta av vetiver er ”grønn”, men annleis enn aromaen frå gras. For meg er den ein vaksen, mandig note, den kan minne om jord, røyk eller enkelte typar tre. I Vetiver Tonka er den med på å balansere og å bygge opp rundt den søtlege tonka-aromaen. Tonka er ei bønne som er sterkt aromatisk, lukta minner mest om sigar. Den er søtleg, og er også brukt som smakstilsetjing til pipetobakk i tillegg til i parfymar.

Vetiver Tonka er søtare enn Osmanthus Yunnan, og den er meir jordbunden, men like varm og tiltalande.

Begge parfymane bør prøvast viss ein får høvet til det, dette er dufter av høg kvalitet og med særpreg utan å vere påtrengande. Denne serien består av fem dufter til så vidt eg har funne ut, og eg gler meg til å prøve dei andre fem.

Oppdatering:

Eg kom på kvar du kan lukte på ekte tonka-bønner: Hos Specialkøbmanden i København! I USA er dei forbodne, dei skal visstnok vere giftige i store mengder. Desse amerikanarane er no redde for alt mogeleg. Har dei tilgang til muskatnøtter, forresten?

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Hmmm, -hadde de prøver der, du?
    (det kan bli noen travle ettermiddager i Oslo framover ettervinteren…)

    Likar

  2. Forresten registrerer jeg at jeg har sluttet å ha parfyme på håndleddet til daglig – kun bak ørene og i nakken, og det er det én grunn til: jeg må ha luktfrie arealer i tilfelle det skulle dukke opp noe jeg vil prøve. Og – man vet aldri 😉

    Likar

  3. Jupp, eg fekk prøver på Un Jardin en mediterranée, Un jardin sur le Nil, Kelly Caleche og Eau de Merveilles Elixir. Veldig lurt å ha handledda redo, du! 😀

    Likar

  4. Parfymetekstane dine er reine folkeopplysinga. Spennande og informativt å lesa.Sjølv bruker eg Paris av Yves Saint Laurent for tida, og manglar vokabular til å skildra korleis lukta er samansett, og kvifor eg likar den.

    Likar

  5. sol says

    Har vore borte i tre dagar på ski, og blir imponert over kor produktiv du har vore på bloggen imens! Interessante innlegg også, så eg gled meg til å lese. No må eg imidlertid gjere dei jobbtinga eg utsatte får å ta litt vinterferie..
    Men: Hermes-serien din er framragande! 🙂 No håper eg at dei også har Vanilla Galante i butikken, ser fram til å lese din reaksjon på den!
    Ha ein fin søndag!

    Likar

  6. Idun: Eg trur eg veit kvifor du likar den. Den har mange florale notar, geranium, fiol, sviblar, mimosa, roser og liljekonvall. Botnnotane er edeltre og amber. Bergamot, ein sitrusaroma, gjer opninga frisk og sprudlande.

    Likar

  7. Tilbakeping: Tonkabønner – Dipteryx odorata « Alt godt

  8. Tilbakeping: Diptyque: Vetyverio « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s