Musikk
Leave a Comment

Noko av det vakraste VI

Denne sangen minner meg om 1987, eit fint år. Vi høyrde på den midt på natta når vi jobba på våre gamle mac-ar fram mot morgongry, og feira at vi klarte deadline med å gå i baren på toppen av SAS-hotellet (den gongen var det berre eitt, snart er det ingen) og såg at glørne frå turnhallen som brann steig opp mot nattehimmelen. Vanessa Paradis syng her, men det er Rickie Lee Jones som har skrive songen og gitt den ut opprinneleg. Vanessa Paradis er mest kjend for å ha sunge Joe le taxi, og for å ha eit langt forhold til Johnny Depp. Ho gjer sangen på sin måte, men finn du den med Rickie Lee Jones så lytt til den, den er endå betre. 

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply