Billig mat, Mat, Middag, Noko søtt, Supper
Comments 16

Sikringskost


Influensaen, magesjuka og heilt alminnelege forkjølelsar plagar oss alle, og kostar staten milliardar, fortel avisene.

Vi kjempar for å halde oss på beina, og mange har tilbrakt vinterferien i senga i staden for på fjellet. Når ein er sjuk blir matlysta borte, og matstellet kan bli så som så når heile familien hanglar. Det er viktig å ha noko som smakar når ein er sjuk, men det må ikkje vere for sterkt. Enkelte typar mat som eg elles likar byr meg imot når eg er sjuk.

Når ungane frisknar til etter å ha vore sjuke nokre dagar er dei ofte holsvoltne, og er heilt ustoppelege. Då gjeld det å ha noko godt klart slik at dei får metta si. Her får du oppskrifter på det eg serverer familien når dei held senga. Amerikanarane har klokkartru på ”chicken soup”, og eg lagar ein variant av denne. Suppa gir væske, salt som er viktig for å binde væska i kroppen, proteinar og vitaminar. Så dette er helsekost både for dei sjuke og dei tilfrisknande.

Eg lagar små kjøttbollar av kyllingkjøtdeig, og kokar dei i ein god buljong med dei grønsakene eg har i huset. Eg sper kyllingkjøtdeigen litt, det gjer at bollane blir glattare og meir delikate. Den enklaste måten å lage fine kjøtbollar på er å ha den ferdig spedde farsen i ein (gjerne dobbel) plastpose, klippe av eit lite hjørne og presse den ut. Så kan du bruke ei skei eller ein kniv og kutte av når ein passe bit med farse har kome ut. Dette gjer du over gryta med kokande buljong, slik at dei vert kokte med ein gong. Genialt!

Det går faktisk ganske fort å lage denne suppa. Hakkar du grønsakene smått kokar dei fort, og kjøtbollane blir og fort ferdige. Har du det skikkeleg travelt kan du bruke ein pose med lapskausgrønsaker.

Dette med å salte kjøtdeig er ei utfordring. Nokre typar kjøtdeig er allereie tilsett salt, andre er ikkje. Eg brukte 400 gram kyllingkjøtdeig, og hadde i ca. ½ ts salt. Det vart i minste laget, men når bollane hadde lege i buljongen ei stund smakte dei heilt OK. Det beste er å lage ein prøvebolle når du har salta og krydra deigen, koke den og smake. Då kjenner du om det trengst ekstra salt.

Eg lagar kraft med buljong, men ikkje ta all saltsmaken frå buljongen. Hald tilbake litt, det blir god kraft frå kyllingbollane og grønsakene. Buljongsmaken kan bli litt påtrengande viss det blir for mykje av den. Det også lettare å regulere styrken på saltsmaken. Du stussar kanskje på at eg har sitronsaft og sukker i krafta. Det gjer suppa mykje meir fyldig og samstundes frisk i smaken. Slik gjer du det:

p1010029Kyllingsuppe

1,5 liter vatn

2 buljongterningar

400 g kyllingkjøtdeig

1 egg

3 gulrøter

Ei persillerot (kan byttast ut med sellerrirot, eller droppast)

Ein løk eller 10 cm purre

To fedd kvitløk

Ein timiankvist viss du har, viss ikkje, 1 ts tørka timian

Salt og peppar

1 ts sukker

1 ss sitronsaft

Kok opp vatnet, og ha i buljongterningar. Du kan også bruke flytande fond viss du har det. Spe kjøtdeigen, og ha farsen i dobbel plastpose. Klipp hol (mindre enn du trur…) og klem ut litt og litt deig som du slepp ned i gryta med ei skei. Kjøtbollane skal ikkje vere stort større enn ei hasselnøtt, dei hevar seg i gryta. Rens og skrell grønsakene, og hakk dei fint. La dei koke i krafta til dei er møre, og kjøtbollane er kokte. Smak suppa til med salt, peppar, sitronsaft og sukker. Server gjerne med flatbrød, anna brød eller naturell suppe viss brød ikkje freistar. Kjenn at kreftene sig tilbake i kroppen.

Når oksehungeren slår til kan ein unne seg ei lita lettlagd kaloribombe. Dette er den enklaste kaka eg veit om, du lagar den medan ein annan ryddar opp etter middagen. Får du gjestar har du den klar før dei får sukk for seg. Du kan doble den og ha den i ei lita langpanne, og du kan gjere den endå betre ved å ha i grovhakka sjokolade, nougat eller kva du måtte ha i huset. Sist eg lagde den hadde eg i 100 g Walthers Mandler. Åfyttikatta, det vart godt! Hakka nøtter er også godt i den. Slik gjer du det:

browniesDen raskaste sjokoladekaka

2 egg

3 dl sukker

100 g flytande margarin eller smelta smør

ei klype salt

1 ts vaniljesukker

1,5 dl mjøl

4 ss kakao

Sett steikeomnen på 175 grader. Ha alt i ein bolle og rør det i hop. Når eg skal ha flytande margarin frå flaske i kakedeigar og målet står oppgitt i gram, set eg bakebollen på vekta, nullstiller den og heller margarinen i. Oppvask spart! Ha bakepapir i ei 24 cm rund kakeform, helst også opp over kantane. Viss ikkje må du smøre kanten godt. Ha i røra, og steik kaka i 25 minutt. Server med is, med piska krem eller eit melisdryss. Velbekomme, og god bedring!

 

16 Comments

  1. hildeG says

    Den kaka så god ut!. Jeg lagde hønsesuppe på onsdag (og det ble nok til at vi hadde den i går også). Skal huske på trikset med litt sitron og sukker, det tror jeg kan bli godt. Jeg gjorde sånn:
    hel frossen høne (eller kylling hvis det er det eneste de har…) koker til den er mør og vel så det. Fisk opp, skum av om nødvendig, sil kraften.
    Ha i de grønnsakene du liker. (hvitløk, mais, kikerter og tynne gulrotskiver syns jeg er godt.., og så et laurbærblad og evt urtekrydder.) Kok til diisse er møre, smak til. Nudler er også godt oppi. Skjær hønsekjøttet i terninger og ha oppi.
    Hvitløksbagetter til, det ble namnam.
    Jeg er IKKE glad i kjøttboller i suppe, men de blir kanskje spiselige hvis man lager dem selv.

    Likar

  2. hildeG says

    Æsj – laurbærblad og urter går naturligvis oppi sammen med høna fra starten, det mangler forhåndsvisning av kommentarer på wp…(ikke at jeg er særlig flink til å bruke den muligheten uansett…)

    Likar

  3. Det høyrest kjempegodt ut, HildeG. Fordelen med bollane i denne oppskrifta er at dei vert passe små, og dessutan veit du akkurat kva som er i dei, sidan du lagar dei sjølv. Sist eg lagde denne suppa krydra eg bollane med mitt heimelagde urtesalt, og det smakte veldig godt.

    Likar

  4. Jeg kan forresten gå god for kaka. Det er denne som i min omgangskrets kalles «den der seige, deilige sjokoladekaka til Britt Åse», som jeg blir bedt om å ta med til all slags evenementer hvor man skal ha kake. Den forsvinner alltid først 😀 – og jeg føler meg som DEN suksesshistorien!

    Likar

  5. Tilbakeping: Jeg har laget kyllingsuppa fra Alt godt « Hagen på Hytta

  6. TerraDiva says

    Takk for enkel og genial kyllingsuppe-oppskrift. Søndag er ofte «hjemmelaget suppe-dag» hos oss, og en ny oppskrift som inspirasjon er alltid interessant. Med urtesalt og litt nymalt pepper i deigen ble kyllingkjøttbollene veldig gode! Litt sitron + sukker i gryten var et godt tips.

    Likar

  7. Tilbakeping: Buljongterningar og margarin « Alt godt

  8. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

  9. Tilbakeping: Dårleg med smått stell « Alt godt

  10. Hei Gunda 🙂
    Du, jeg har tenkt å lage sjokoladekaken din som kommer så sterkt anbefalt, men,j eg har bare springformer…
    Jeg har to på 20cm, en på 23.5 og en på 25. Hvilken skal jeg ta/ bør jeg redusere oppskriften?

    Og så ser jeg at jeg ikke har kakao. Det kan jeg kjøpe ettersom jeg uansett må kjøpe egg, men kanskje det egentlig blir bedre med fancy mørk sjokolade i stedet? Det har jeg nemlig. Inni hodet mitt er kakao ikke så bra som sjokolade, men jeg regner med at de har ulike bakeegenskaper og kanskje kakao er best for denne type kake?

    Likar

    • Det er ingenting feil med kakao, eigentleg er det litt perler for svin å bruke ein eksklusiv god sjokolade til denne kaka. Den blir faktisk best med kakao. Eg har lagd den med fin sjokolade, og det tilfører ikkje så mykje. Det har noko med konsistensen på denne kaka å gjere, den fungerer best slik den er. Bruk heller sjokoladen din til ei kake som er meir konfektaktig. Det trur eg blir betre, utan at eg sit med ei slik oppskrift på reie hand.

      Når det gjeld formstorleik så er denne for springform. Bruk den som er 23,5, det blir heilt perfekt.

      Likar

      • aha! så bra da at det var meninga at det skulle være springform, jeg ble forvirra av de fine firkanene dine i bildet serru 🙂
        Og kakao skal bli!

        Takker og neier for hjelpen, og gir en klem 🙂

        Likar

  11. frkhump says

    Takk for oppskrift! En av de beste og enkleste sjokoladekakene jeg har laget.

    Likar

  12. Tilbakeping: Ripskake med salt karamell | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s