Duft
Comments 2

White Musk Intrigue

Ei av dei første parfymene eg kjøpte var Alyssa Ashley sin musk-parfyme. Den har faktisk kome i handelen igjen, eg såg den på Vita her om dagen.

The Body Shop sin White Musk Intrigue er ei nytolking av ein klassisk lett musk-parfyme. Musk kjem i ulike valørar, frå dei mørke, skitne, med innslag av det ein på engelsk kallar “skank”, til dei lyse, lette med framleis sensuelle som ofte kallast white musk.

Musk er ein veldig mykje brukt bestanddel i parfyme, ofte som basenote, altså det som ligg att i dufta på huda når du har gått med parfymen nokre timar. Parfymer som Lancôme Trésor, Jennifer Lopez Glow og Narciso Rodriguez for Her har alle eit distinkt preg av musk.

Det er fleire grunnar til at musk er så mykje brukt. Ein grunn er at den for mange opplevest som veldig sensuell, på 1800-talet vart den skulda for å vekke erotisk hysteri hos overklassekvinner i USA og sentral-Europa. Kiehl’s, eit kjent apotek i New York, lagde ein kroppsolje basert på musknotar i 1851. Den vart oppfatta som så provoserande at den vart dytta under disken og ikkje sett i produksjon igjen før utpå 1900-talet.

Ein anna grunn til at musk er populær blant parfymørar er at det er ein note som hjelper til med å framheve andre notar. Nokre menneske er ikkje i stand til å lukte musk, herunder han eg er gift med. Det er faktisk ganske vanleg, men ikkje vanleg for andre duftstoff.

The Body Shop kom først med White Musk i 1981. Den er ganske eindimensjonal og uinteressant etter min smak. Eg har faktisk i periodar brukt herre-utgåva, som er langt meir kompleks og spennande. White Musk Intrigue, som kom i fjor, har blitt ein ny favoritt. Den har ein mørkare tone enn 1981-utgåva, meir krydra og aromatisk, men framleis floral. Den er absolutt verd ein sniff viss du passerer ein Body Shop-butikk.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Jeg er veldig glad i duften av musk, men jeg har aldri funnet en som jeg synes kler meg. Kanskje jeg skulle prøve Intrigue.
    🙂

  2. Prøv den! Eller så kan du også prøve ein av dei andre eg nemner som har ein del musk i seg. SJP Lovely er god, men døyr veldig fort på meg. Etter eitt par-tre timar er den borte. Narciso Rodriguez derimot, er ei heilt anna historie. -Og ein heilt annan pris. Den skal eg skrive om ein annan dag. 😉

Leave a Reply