Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Middelhav og kvardag


I dag skal du få to gode middagsforslag av meg, ein kvardagsmiddag og ein ”til fint”.

Kvardagsmiddagen er ei ostepanne som har vore i familien min så lenge eg kan hugse, og i følge ei familieanekdote var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne attgje denne oppskrifta. Ein friar som vanka i huset vårt nokre år påsto at mor mi hadde noko som han kalte ostepannetesten. Når det kom nye friarar til gards serverte ho ostepanne, og nåde den som ikkje åt opp porsjonen sin, uansett kva han måtte synest om denne retten. Dette er sjølvsagt berre ondsinna snakk, og dessutan smakar ostepanna så godt at den er vel verd å bli blogga!

Ostepanna består av blomkål og purre som vert dampa med ost over. Dette høyrest banalt enkelt ut, men kombinasjonen av blomkål, purre og ost gjev faktisk ein karakteristisk og deilig smak. Slik gjer du det:

Mamma si ostepanne

Eit blomkålhovud

To små eller ein stor purre

2 dl vatn

200 g riven ost

Vel 1 ts salt

Paprikapulver

Skyll blomkålen og purren. Purren bør snittast på langs for å få ut jord og grus. Kutt begge delar i bitar, og bland det i ei steikepanne som du har eit tett lok til. Sautépanne heiter det på fransk, har eg lært. Slå over vatnet, og dryss på salt. La grønsakene dampe i 8-10 minutt. Strø over osten, og la det stå med loket på til osten har smelta. Dryss over paprikapulver, og server med brød, gjerne grovbrød med smør på.

ingrediensar

Finemiddagen min er litt meir avansert, og som mange gongar før vender eg meg til middelhavslanda for å få inspirasjon. Det byrja med at mannen min hadde funne nakkekotelettar på tilbod, og hadde handla inn til søndagsmiddag. Nakkekotelettar er ikkje verdens mest spennande råvare, men med eit forseggjort tilbehør kan det bli ein kjempegod middag. Eg lagde ei grønsaksrøre til basert på kikerter, og så sylta eg litt paprika ved sidan av. Nydeleg! Slik gjer du det:

 

kotelett2

Middelhavskotelettar med tilbehør

Ein stor kotelett per person

Olivenolje

Ein boks kikerter

Ein løk

2 fedd kvitløk

1/2 ts gurkemeie

1/2 ts koriander

1/2 ts spisskummen

Ein squash

Ein boks tomatar

Ein skvett vin (ca. 1/2 dl)

1 ts sukker

Salt og peppar

Legg kotelettane på eit fat, og strø dei godt med salt og peppar. La dei kvile medan du lagar grønsakrøra. Hakk løk og kvitløk fint, og surr det blankt i 2 ss olivenolje. Rør inn krydderet og kikertene. La ertene surre i nokre minutt medan du kuttar squashen i bitar. Finn du aubergine, så passar den også fint til denne retten. I så fall må du strø bitane med salt, og la dei ligge ein halvtime før du steiker dei. Rør inn resten av grønsakene, og vinen. Raudvin eller kvitvin går på eitt ut, vil du droppe det kan du ha i litt buljong i staden.

La det heile koke i 15 minutt (medan du steiker kotelettane), og så smaker du til med sukker, salt og peppar. Har du litt persille kan du hakke den og drysse over. Denne røra kan gjerne lagast dagen før, og den er enkel å ”gange opp” viss du skal lage den til mange.


Steik kotelettane som om du steikte biff: på ganske sterk varme, tre minutt på kvar side, og så la dei kvile i panna som er teken av plata like lenge som den totale steiketida. Til dette kan du servere poteter, ris, bulghur eller cous cous alt etter kva du har og har lyst på.

Eg lagde også sylta paprika til kotelettane mine. Det er mindre komplisert enn det høyrest ut, og kan oppbevarast på eit glas med olje over i kjøleskapet i eit par veker. Slik gjer du det:


svidd-paprika1

Sylta paprika

6 paprikaer, gjerne både gule og raude

Ein lime

salt, peppar og sukker

Olivenolje

 

 

Set omnen på 225 grader, og bruk varmluft om du har. Legg paprikaene på ei plate dekt med bakepapir, og la dei bli svidde i omnen. Det tek ca. 20 minutt. Ta dei ut, og la dei kolne med folie over seg. Når dei er såpass at du kan ta i dei, flår du av skinnet med fingrane. Det har blåst seg opp, og løsna frå sjølve fruktkjøtet. Del kjøtet i filetar, og legg det i ei skål. Dryss på litt salt, peppar og sukker mellom kvart lag med paprika. Riv skalet av limen, og press safta av den. Drypp safta over paprikafiletane, og dryss over det rivne skalet til slutt.

 

paprikasalat

La det heile stå på benken ei stund viss du skal bruke det same dag. Viss ikkje, legg du det etter ei stund over i eit glas med skrulok.  Slå over olje slik at det dekkjer paprikaen, og set det kaldt. Sylta paprika kan brukast til det meste av salt mat, og er sunt og godt attpåtil!

Dette vart litt komplisert syns du kanskje, men for å lære må ein øve, så hiv deg utpå! Lykke til, og ikkje nøl med å stille spørsmål i kommentarfeltet viss du står fast.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Tilbakeping: Ei magisk suppe « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s