Musikk
Comments 2

Alfred Schnittke – Requiem

Dette er ikkje noko som har vore på Norsktoppen eller på VG-lista. Alfred Schnittke er ein russisk komponist som vart fødd i 1934. Han var veldig produktiv, og skreiv mellom anna mykje filmmusikk. Han var kristen, med dragning mot kristen mystikk, og dei russiske styresmaktene hadde som mål å få han til å slutte å skrive religiøst inspirert musikk. Han vart utestengd frå den Sovjetiske komponistforeninga, og mange av verka hans var forbodne å framføre i Sovjet-unionen. Han flytta til Hamburg nach die Wende i 1990, og budde der til han døydde i 1998.

Eg var med på å framføre dette verket ein gong på nittitalet. Verket byrjar nærast minimalistisk med den satsen du høyrer i dette lydklippet. Seinare brettar det seg ut i ein kompleks vev av kor, slagverk, strykarar og rockegitar (ja, det står det i partituret…), og i enkelte passasjar kan ein føle at ein er på danskebåten. Til slutt samlar det heile seg vakkert og rørande i at førstesatsen vert gjenteken ein gong til. Opn øyrene dine, og nyt det. 

Bildet som er lagt på for å illustrere denne musikken er av Mark Rothko, og eit anna verk vi framførte i denne perioden var Morton Feldman sitt stykke Rothko Chapel, som vart skrive til opninga til det økumeniske kapellet som Mark Rothko har dekorert i Houston, Texas. Men det skal dokke få høyre meir om ein annan gong. 

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Kult! Vi er heldige som har fått kor-opplevelsene våre. Det er vanskelig å beskrive den sjelelig/åndelig/fysiske opplevelsen det er å stå inne i musikken og være med på å skape den. For den skapes, hver gang.
    Tusen takk. 😀

  2. Ja, eg føler meg heldig som har fått vere med på dette. Det gir ein energi og eit løft som det er vanskeleg å forstå for dei som ikkje har gjort det.

Leave a Reply