Grønt, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Småtteri med og utan avokado

Eg er alltid på leit etter lekre rettar som er gode nok til å servere gjestar, og som krev mindre enn ein halvtime på kjøkkenet. Å få til eit sosialt liv med låg terskel både for besøkande og for vertskap er ei utfordring, god mat som er lett å lage og som smakar godt aukar trivselen for gjestane og gjer jobben som vert eller vertinne enklare.

I dag får du oppskrift på tre smårettar som du kan by på. Det er ingen grunn til å skulle invitere på full middag alltid, berre ein har raust med småting å tygge på, og noko godt å drikke. Ein lett kvitvin passar fint til dette selskapet, husk farris og eplemost til dei som køyrer eller av andre grunnar ikkje vil ha vin.

Utgangspunktet for meg er alltid kva eg finn i butikken til ei kvar tid, kva sesong vi er inne i. Dersom du bestemmer deg på førehand kva du skal ha, og går ut for å leite, kan du ofte bli skuffa. Det er betre å la seg inspirere i butikken av sesongen og det som ser godt ut nett no. Akkurat no er vi inne i avokadosesongen, dei er billige og gode, og du får dei overalt. Sist eg var heime hadde dei perfekt modne avokadoar på samvirkelaget på Leikong. Då blir det avokadomat!

Med mindre du har kjempeflaks eller bur rett ved byens beste grønsakshandlar, er det ein fordel å planlegge avokadomat nokre dagar i forvegen. Avokadoar er nemleg sjeldan fullmodne når dei vert lagt fram i butikken. Kjøp dei i god tid (3-4 dagar før dei skal brukast), og legg dei i epleskåla til den dagen gjestane kjem. Etylengassen som epla skil ut gjer at avokadoane modnar raskare. Legg dei for all del ikkje i kjøleskapet. Du kjenner om avokadoane er modne ved å klemme forsiktig ved stilkfestet. Dei er spiseklare når fruktkjøtet er så mjukt som meierismør som har stått på kjøkenbenken ein time.

Avokadoen har ein nydeleg, nøytral smak, som vert forsterka og gjort rikare med salt og sitron. Sitronsafta gjer også at avokadoen ikkje mørknar så raskt som den naturleg gjer når den vert skoren opp. I Latin-Amerika er avokado skrapa med skei noko av det første speborna får smake av fast føde. Det er ikkje rart, frukta er svært næringsrik, og inneheld viktige mineral, vitaminar og dei gode feittsyrene.

Avokadosuppe er lett å lage, du kan lage den i god tid før gjestane kjem, og den er lett å variere. For å lage den treng du ein stavmiksar, ein hurtigmiksar eller ei matmølle. Sjekk tilbehøret til den gamle Kenwood-en din, den har sikkert hurtigmiksar, ein slik du set på toppen, og brukar altfor sjeldan. Set loket godt på, elles vert kjøkenet ditt grønare enn du kanskje set pris på. Har du ikkje nokon av delane er mitt råd (eg har ei kjensle av at eg har sagt dette før…) å gå ut og kjøpe ein av delane, med mindre du har tenkt å slutte å lage mat i løpet av dei neste par månadane. Og det har du vel ikkje?


suppe

3 dl vatn

1 terning grønnsaksbuljong eller 1 ss fond (flytande buljong)

3 avokado

1 lime eller 1/2 sitron

3 dl yoghurt naturell

1 dl matfløyte

Ei klype kajennepeppar

Salt viss naudsynt


Varm opp vatnet (det treng ikkje koke) og løys opp buljongterningen. Avkjøl. Brukar du fond, så bland vatnet med 1 ss fond, kylling-, kalve- eller grønnsaksfond. Då er det ikkje naudsynt å varme opp vatnet først. Fjern skinn og stein frå avokadoane, og køyr kjøtet glatt i matmølle, hurtigmiksar eller med stavmiksar saman med lime-/sitronsafta. Ta li litt og litt av det sure, det kan bli for mykje. Smak til underveis. Bland alt, og smak til med peppar og eventuelt meir salt. La suppa stå kaldt i minst 1/2 time, og aus den opp like før gjestane kjem. Server suppa pynta med ei skei lodderogn og ei skei rømme i suppa. Dette er til 4 porsjonar som forrett. Suppa kan også serverast som ein smårett frå eit bord med fingermat, då kan du servere suppa i drammeglas eller små mjølkeglas med ei teskei i.

Du kan bytte ut lodderogna med litt sprøsteikt bacon. Det er ikkje så lett å lage i desse dagar når alt bacon ein får kjøpt i butikkane er innsprøyta med (heilt unødvendig) vatn slik at det vert kokt heller enn steikt i panna. Viss du steiker langsamt slik at vatnet fordampar, og så legg litt smør i panna til slutt, vert det sprøtt. Smuldre det over suppa, eller legg ei lita skive over kvar skål.

I staden for å by på potetgull når gjestane kjem og får det første glaset, kan du imponere med rugbrødtrekantar eller små loffskiver med ein deilig avokadokrem på. Slik lagar du den:

Avokadosnittar

1 avokado

1/2 ss sitronsaft

6 grøne oliven utan stein

100 g kremost

salt

1 ts paprikapulver

106_0614Mos alt med ein hurtigmiksar eller stavmiksar, og smak til med salt. Smak og om du syns det trengst meir sitron. og sprøyt eller legg med skei på små skiver rugbrød eller rista, tynne baguetteskiver. Pynt med karse eller reker.

Som ein kontrast til avokadokremen kan du servere rugbrød- eller rista baguetteskiver med blåostkrem til drinkane. Smul opp 150 gram blåmuggost med ein gaffel. Rør inn kremfløte skei for skei til blåostkremen har ein passe fast og samstundes ”saftig” konsistens. Grunnen til at eg arbeider inn fløten med gaffel og ikkje med miksar, er at eg vil behalde fargevariasjonane i blåmuggosten. Viss du brukar miksar, vert det ikkje så delikat, for kremen får ein jamn gråblå farge. Denne kremen kan du også servere i små, halve pærer som du delar og skjer kjernene ut av med ein liten kvass kniv (eller eit melonjern, om du har gått berserk i kjøkkenutstyrsbutikken). Holet etter kjerna passar perfekt til å legge ostekrem i.

Velbekomme, vonar det vert eit triveleg lag!

3 Comments

  1. Hei, og tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen min:-) Dessverre fikk jeg ikke kommet meg på treff i går (heller) siden jeg var alene med ungene. Jeg skal virkelig prøve å komme meg på et treff snart, det høres så kjekt ut.
    Ser du presenterer fine oppskrifter for oss og tilogmed påtar deg å svare på spørsmål – det er supert! Jeg er nemlig ikke helt stø på kjøkkenet, men jeg prøver å lage litt mer fra “bunnen av” og da er gode oppskrifter gull:-)
    Hjertelig hilsen Hanne.

Leave a Reply