Blogging
Comments 9

Orakelet talar…


Med 24 på øyrene (vi har slike trådlause øyretelefonar her i heimen, veldig fint) og to barn som eigentleg ikkje vil legge seg held på med nettopp det, prøver eg å svare på spørsmåla eg har fått. Takk til alle som spurte!

RandiF: Jeg har en flaske Sauternes stående, og på lørdag skal jeg ha gjester. Hvilke desserter passer denne vinen best til? Hadde tenkt å lage Ingefærsvisker med krem/crème frâche til dessert, kan det passe sammen med vinen, tror du? Eller bør jeg satse på muggost?

Alt godt: Eg har ikkje kjempegreie på vin, men eg er veldig glad i Sauternes til ein god dessert. Til muggost ville eg kanskje hatt ein vellagra portvin heller enn Sauternes. Sviskeplanen din virkar veldig bra!

RandiF: Ett spørsmål til: Vi skal servere hjort ytrefilet som hovedrett, med potet/selleristappe, sopp/bacon, rødløkskompott og enten broccoli, rosenkål eller asparges til. Hva tror du blir best av de tre grønnsakene?

Og har du et godt tips til forrett, gjerne noe fra havet? Ikke altfor avansert…

Alt godt: Det var mange tilbehør!  Eg ville gått for stappa, sopp/bacon og raudløkskompotten, eventuelt bytte ut kompotten med brokkoli. Fordelen med raudløkskompotten er at den kan lagast ferdig i god tid, brokkoli er ei akkurat-grønsak. Vanskeleg å handtere, spesielt viss du skal ha forrett også. Skal du servere brokkoli må du nesten gå på kjøkkenet å koke den medan gjestane et siste rest av forretten. Det høyrest stressande ut.

img_4542Forrett: Eg foreslår ei rekesuppe. Kok kraft på rekeskal av 1 kg reker, 2 ts tomatpuré, litt dill og 1 ts heil peppar, la det koke i 15 minutt. Sil frå, og ha i eitt beger creme fraiche. La det heile koke inn på middels varme i ein times tid. Smak til med salt og peppar. Ferdig! Kan lagast før på dagen (då får du lufta ut rekelukta før gjestane kjem og…) og varm opp rett før servering. Pynt med dill og 5-6 reker per skål. Dette blir fire forrettskåler, altså ikkje store suppebollar. 

Iversen: Matblogg er det altfor lite av, heia matbloggerne!

Jeg elsker bildeblogging når det gjelder matlaging (selv om jeg ikke holder ut tunfisk koste jeg meg med tunfisksalatposten, for eksempel). Jeg klarer ikke komme på noe jeg ønsker meg av spesiell mat, men ja til mer bildematblogging. D

Alt godt: Takk, Ivers, no vart eg glad! Eg lovar meir matbilde.

Linnea: Hej!

Roligt med norska besökare! En semla är en vetebulle fylld med mandelmassa och grädde. Nya bilder finns på bloggen nu!

Alt godt: Dette var vel teknisk sett eit spørsmål frå meg til deg, men takk for at du oppklarte dette!

Titti: Pepperkvern! Er det bare de dyre som duger..? Vel jeg kan godt bruke litt penger på den kverna hvis det er god OG fin å se på… Problemet er at jeg ikke klarer bestemme meg for om jeg liker de klassiske best eller de mer moderne…. Men nå begynner det å haste litt, er lei av ferdigmalt pepper og har nekta meg sjøl å kjøpe noe nestbest… Tips mottas med takk -)

Alt godt: Sjekk under om det står Peugeot på metalldelen. Dei kvernene som er lagde av Peugeot har eg veldig god erfaring med. Eg likar pepparkvernene så manuelle som mogeleg. Du justerer kor grov pepparen skal bli ved å skru til skruen på toppen. Elektriske, batteridrevne kverner er eg ikkje så glad i. Low maintenance, det er mitt motto i dei fleste av livets forhold.

Bland gjerne ulike pepparsortar i kverna, eg blandar kvit, svart og grøn peppar, og det blir veldig godt.

Oppdatering: Kom gjerne med fleire spørsmål, eg vil prøve å svare etter beste evne!

This entry was posted in: Blogging

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Ja, og så kjem den i mange forskjellige designvariantar, så ein kan få det som passar i eins eige kjøkken. Eller ikkje.

    Likar

  2. RandiF says

    Tusen takk for forslag. Men hvor mye vann koker du rekeskallene i? Vi blir 6 til middag….

    Likar

  3. Bruk ca. 1,5 liter vatn, slik at skalet er akkurat dekka. Går det litt tid frå du skrellar rekene til du skal koke krafta kan du oppbevare skalet i ein isboks i frysaren.

    Likar

  4. RandiF says

    OK, takk. Nå har jeg lurt på om jeg skal sløyfe forretten og heller servere de smårettsgreiene med avocado og muggost til velkomstdrinken. Det kan bli like bra det…

    Likar

  5. Maiblomst says

    Her kjem eit spørsmål frå meg. Eg har lyst å lage ein salat som eg har funne hos Jamie oliver. Denne salaten består av ferske fiken, fersk mozarella, parmaskinke og ei dressing av m.a. honning og sitron. Eg har klart å finne ferske fiken, men syntes dei såg litt dvaske ut. Kjøpte ein, og syntes den verka litt dvask og lite smak. Lurer på om eg kunne brukt noko anna, slik som melon kanskje?

    Likar

  6. Maiblomst: Ferske fiken har ein annleis smak enn det ein ventar seg når ein har smakt tørka fiken, dei er ikkje på langt nær så søte som ein kan vente. Men det er forskjell på kor modne dei er og, ein moden fersk fiken skal smake søtleg, mildt krydra med ein deilig tekstur av den ferskenaktige overflata og dei sprø steinane.

    Eg ville marinert fikenane litt i dressingen før servering, den høyrest kjempegod ut. Alternativet vil som du seier vere å bruke melon, det vil bli godt både med honningmelon og nettmelon.

    Likar

  7. Maiblomst says

    Takk for svar! Eg får bestemme meg når eg sjekkar utvalget av frukt på fredag eller laurdag.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s