Nokre dufter likar eg med ein gong, andre må eg gi ein sjanse, la den vekse på meg, vere på huda og samvirke med min kjemi før eg kan finne ut om eg likar den.
Jean-Paul Gaultiers stilikon Classique, den første parfymen som kom i den no så kjende torso-flaska, er ei slik duft. Den er ein floral oriental, med roser, mykje sitrus men endå meir krydder og frukt.
Eg syns det er vanskeleg å skilje ut notane i denne dufta, men vaniljen er sterkt til stades, saman med stjerneanis.
Stjerneanis er vanskeleg å like for meg når den er brukt i parfymer. Eg har lukta på Givenchy sin Rose Damascena, som er ein remake av Very Irresistible. Den har eit distinkt preg av stjerneanis, og gjer meg aller mest kvalm.
Og med tida, og etter alle desse sjansane, har eg konkludert med at det gjer Classique meg og. Den er for mykje. For søt, for krydra, for varm, for “tørr”, for “klengete”.
Fullt på linje med Angel, faktisk, sjølv om Angel er om mogeleg endå søtare, med sjokolade og karamell på toppen av det heile. Eg får lyst til å rope: Dette er noko ein skal ha PÅ kroppen, ikkje noko ein skal ha I den!
Classique har element av iris og orkidé, som gjer den hakket meir elegant, men for meg tilfører dei notane mest pudder, og pudder og sødme er ikkje mi greie. Så eg styrer unna denne frå no av, Sorry, Jean-Paul. Og går og vaskar den av meg. 😉
Denne vurderinga er skriven på grunnlag av EdP, eg har høyrt at EdT er annleis, men har ikkje lukta på den.
Jeg har også et vanskelig forhold til anis generelt. Og til vanilje også i parfyme. JPG Classique er det veldig mange som bruker – og jeg kan bare ikke like den. Det samme gjelder for de andre “torso-duftene”. Merkelig det der.
Hos meg stopper det ved flaska, som jeg synes er så heslig som parfymeflaske betraktet, at det bare er helt uaktuelt.
Men vanilje – det er tingen! Særlig den mer treaktige 🙂
Jeg har aldri forstått hvorfor JPG Classique er så populær. Spesielt da den kom, tror jeg den spektakulære flasken var mye av årsaken