Her kjem endå ei Heidi-oppskrift, eg er på tur ut i verda, og kjem til å ha begrensa høve til å poste fram til fredag. Så det du ser frå meg denne veka er i hovudsak lagt ut på førehand.
Ikkje desto mindre; Heidi lagar Chili con carne, og det gjer eg og rett som det er. Der Heidi brukar buljong brukar eg pils, altså som væske i gryta. Det gjev ein litt annleis, meir “vaksen” smak. Forøvrig er det den einaste varianten av pils eg får i meg, eg har aldri klart å lære meg å like det. Lykke til med chilien!
Alt godt
Denne retten er eigentleg ei bønnegryte med kjøtdeig og ho er aldeles nydeleg. Den er ein del av det texansk-meksikanske kjøkkenet, og dette er billig og mettande mat, særleg om du serverer den med ris til som eg gjer. I Mexico får du den oftast servert utan ris, berre med brød.
Gryta er fin å lage dersom du skal lage middag til mange. Det finst mange oppskrifter og her er ei.
Chili con carne
2 fedd kvitløk
2 løkar
1 raud paprika
ca 500 gram kjøtdeig
1 dl tomatpuré
1 boks hermetiske tomatar
1 ts buljong
½ ts chilipeppar
Litt tørka oregano
Litt tørka timian
1 ss spisskummen
1 boks hermetiske brune bønner
Litt vatn slik at det vert passe tjukt
Hakk kvitløk og løk og steik han gyllen på middels varme i ei stor gryte. Skjer paprikaen i terningar og tilsett. Ha i kjøtdeigen, og steik den saman med løk og paprika medan du smuldrar den opp med ein trespade eller liknande. Tilsett dei andre ingrediensane.
La gryta småputre i 25 minutt. Smak til med salt og peppar, og litt sukker viss tomatsmaken vert for skarp. Server gryta med ris og godt brød til.
Fra kontorfronten elsker tex-mex mat! Denne oppskriften skal vi helt sikkert prøve.
Noe annet som er veldig godt i chili con carne er chipotle eller chorizopølser (eller begge deler…). Siden jeg pleier å bruke tomatbønner og disse har en litt søt smak på sausen, blir det ekstra godt med litt røyksmak i gryta.
Og rømme til! Min chili pleier å havne i den litt heftigere enden av skalaen, og da er det fint å ha en ganekjøler tilgjengelig 🙂
Veldig bra forslag! Røykt smak passar godt til. Og rømme er også eit must, det gløymde nok Heidi (og eg…) å ta med i oppskrifta.