Duft
Comments 5

YSL Cinema


Yves Saint Laurent lanserte Cinema i 2004, som ein hyllest til filmstjerner og film generelt. Den har ikkje blitt ein kioskveltar, men sel godt nok til å ha fått ei lang rekke flankerar, altså variantar over sitt eige tema. Dei siste sommarane har det stort sett kome ein «limited edition» kvart år, og mange av dei er også sniffeverdige.

cinemaCinema er ein «floriental», ein av mine favorittgrupper innan parfymer. Den kombinerer altså orientalske notar, som amber og mandel med blomar som jasmin, klementin-blomst og peon. Det gir den eit søtleg, men ikkje emment preg. Eg meiner også å kjenne eit hint av tobakk her, men det er ikkje lista blant duftnotane.

For meg er Cinema ein parfyme med klasse, samstundes som den er varm og omfamnande. Den har eit vaksent preg, Cinema er ikkje ein ungjenteparfyme. Den opnar friskt med dei florale notane, men roar seg snart ned til dette varme, vennlege sløret av vanilje, mandel og musk. Samtidig gir den eit sensuelt inntrykk, sniffe meir-kjensla slår inn. Familien min kommenterer alltid parfymen min positivt når eg har på meg denne.

Cinema held seg godt utover dagen, det er ikkje nødvendig å ta på meir for at den skal vare til kvelden. Mange ville nok også oppleve den som ein kveldsparfyme. Den passar godt til fest, og det er liten fare for at mange andre skal kome iført denne, slik det er med Angel, Lolita Lempicka og andre i same sjanger. For meg er spesielt Angel alt for dominerande, Viss du syns den er for mykje «in your face» kan Cinema vere eit alternativ  med litt meir stil.

 

 

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Alter Ego says

    Lovelovelove – jeg kunne ikke vaert mer enig. Jeg er fryktelig glad i Cinema. Min naavaerende flaske, som er nesten tom, ble kjoept hoesten 2007 i Oest-Europa. Jeg er veldig glad i den; har perioder der jeg bruker noe annet men kommer alltid tilbake til den. Om sommeren passer den best om kvelden, syns jeg, men det er kanskje en smakssak?

    Likar

  2. Jeg har en prøve av denne nå, som jeg tester ut og det føles som om det blir innkjøpt en ordentlig flaske i løpet av våren. For meg er den mest til kveldsbruk, men det henger vel sammen med jobben hvor jeg kommer tett på folk med nåling og måling og da vil jeg ikke ha for mye parfyme.

    Likar

  3. Alter Ego says

    Jeg har brukt den noen ganger om vinteren paa dagtid, og da faar jeg alltid komplimenter av mennene rundt meg; de syns det lukter godt og «behagelig» sier de – ikke for paatrengende men veldig forlokkende. Og det kan jeg leve med 😀

    Likar

  4. Ja, dette er heilt klart «a keeper». 😀 Eg gløymde å fortelje at stripene på flaska sjølvsagt er gamaldagse filmstrimlar, og at på desse så står det Yves Saint Laurent. Men du skal ha nypussa briller for å sjå det.

    Likar

  5. Jeg har lurt på denne flere ganger, men får aldri bestemt meg. Tror jeg har en prøve liggende – Skal prøve igjen .. 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s