Billig mat, Mat, Middag, Noko søtt
Comments 2

Husstell og lapskaus


Heidi og eg har snakka litt om kva som har inspirert oss til å lage mat, og vi lovpriser husstellærarane og deira arbeid. Eg har den høgste respekt for husstellærarar. Få kan som dei formidle matglede, og deira evne til å motivere og inspirere sine elevar er svært verdifull. Heldig er den som får ein god husstellærar. Og det hadde eg. Det gjekk gjetord om Malene som regjerte på skulekjøkenet på ungdomsskulen der eg gjekk. Ho hadde rykte på seg for å vere streng, men eg elska henne frå første stund.

Sist eg var heime fann eg boka der eg skreiv inn Malene sine oppskrifter for hand. Ordensreglane står først, åtte klare reglar for korleis ein skal oppføre seg på eit kjøken. Neglelakk, til dømes, er ikkje bra. Så kjem reglane for oppvasken, fem punkt som somme kokkar framleis gløymer å følgje når dei skal reingjere knivane sine. Malene hadde nok fått skikk på dei!

Ein annan ting som eg ser når eg blar gjennom boka mi, var at Malene var utruleg flink til å følgje årstidene, og utnytte det som var tilgjengeleg av råvarer. Hausten var full av frukt og grønsaker, plommesuppe og makrell rett etter skulestart.  Utpå vinteren kom det torsk og lyr, og vi lagde kvalkjøtbiff, kålstuing og rabbestappe.  I mai kom rabarbraen, og vi fekk lage sitronkake som vi delte med 8.-klassingane i gangen.  Lykke!

Lapskaus er ein av favorittmiddagane mine frå Malene-tida, og etter at dei som lagar frosne grønsaker på pose forsto at her er det ein marknad, har dei byrja å lage lapskausblanding, slik at du slepp å kutte.  Strålande!  Då kan du bruke meir tid på å dekkje eit koseleg bord, passe på at ungane gjer leksene, eller lese avisa.  Husk at lapskaus skal vere ganske fast, og at det er mat ein kan ete mykje av.  Ein pose lapskausgrønsaker er lite til fire, du må nok ha to. Eg lagar lapskaus med bacon.  Det høyrest litt rart ut, men viss du kjøper stykke med bacon (gjerne avskjer) og tek bort det meste av feittet, har du nydeleg salt kjøt utan bein og slintrer, med kort koketid. Slik går du fram for å lage lapskaus til 4:

2 posar lapskausgrønsaker

1 liten purre

1 stykke bacon med mykje kjøt på, ca. 300 gram

Frisk timian eller 1 ts tørka

Ein buljongterning

8 dl vatn

Skjer kjøtet frå svora på baconstykket, og kutt baconkjøtet i terningar.  Smelt litt margarin i ei tjukkbotna gryte, og fres baconbitane i det på god varme nokre minutt. Hakk purren smått og ha den i saman med posegrønsakene.  La alt surre i smør/baconfeitt på middels varme ei god stund medan du rører.  Slå over vatnet, smulk buljongterningen over, og la det koke i ti minutt medan du dekkjer bordet.  Fisk opp timiankvistane viss du har brukt frisk timian.  Syns du lapskausen er for tynn, rører du i litt potetmospulver slik at den tjuknar. Er den for tjukk, sper du med litt vatn.  Kvern over pepar, og smak til om det trengst meir salt.  Flatbrød må til, med smør på, til og med.

Treng du noko søtt til dessert?  Prøv denne deilige fruktgrauten:

150 gram svisker og 100 gram tørka aprikosar

7 dl vatn

1 dl sukker

4 ss potetmjøl eller maizenamjøl

Skjer sviskene og aprikosane i strimlar. Bland vatn og sukker i ei gryte, ha i frukta og kok til frukta er mør, ca. 15 minutt. Rør ut potetmjøl eller maizena i 3 ss vatn, og rør i gryta. Varm opp til det tjuknar.  Brukar du maizena kan det koke litt, med potetmjøl tek du gryta av varmen idet kompotten tjuknar.  Server lunken eller avkjølt med litt kaffifløyte eller matfløte på.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Sesongminnene fra skolekjøkkenet høres kjente ut, selv om vi ikke hadde et så varmt forhold til læreren som det du beskriver. De har gjort mye bra arbeid ifht nyttige basiskunnskaper disse husstellærerne, for eksempel husker jeg første gang min mann skulle lage hvit saus etter at jeg traff ham. Han fant fram heftet fra skolekjøkkenet og gikk i gang. Skolekjøkkenheftet hans har fast plass i kokobokhylla vår 😀

    Likar

  2. Ja, det er mogeleg eg hadde eit over snittet hjarteleg forhold til husstellæraren min. Det hjalp sikkert at ho fekk respekt for at eg hadde grunnteknikkane inne (apropos kvit saus…) før eg kom til henne, og det var det nok ikkje alle som hadde. Eg fryda meg iallfall i desse timane. Men ho hadde ei støttande haldning til alle så vidt eg kunne sjå, og evna å motivere. Samstundes var ho såpass streng at vi hadde stor respekt for henne og.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s