Arne Bendiksen døde torsdag kveld, 82 år gamal. Mange har skrive om hans liv, så eg skal ikkje gje meg på ein samla gjennomgang, men fortelje om mitt forhold til Arne Bendiksen. Når eg var liten høyrde eg musikken hans, og elska den. Det å kjøpe plater var ikkje noko ein gjorde lettvint heime hos oss, så eg hadde faktisk ingen plater med hans musikk, men når den blå ballongen, Davy Crockett og andre av hans sangar var på radioen skrudde eg alltid opp.
Så ville det seg slik at eg hamna i musikkbransjen, og fekk møte den politiske Arne Bendiksen. Han imponerte meg med sitt vidd, si evne til å forstå kompliserte saker, og sitt evinnelege pågangsmot, på grensa til det enerverande. Han ga seg aldri, og klarte han ikkje det på første forsøk så prøvde han igjen, frå ein annan vinkel, med nye argument og innfallsvinklar.
Eg har vore borti musikkpolitikarar der eg har tenkt at her er eg glad eg er på same lag som dei, for å vere på motsett lag må vere ganske ubehageleg. Slik tenkte eg aldri om Arne. Han opptrådte alltid reinhårig i forhandlingar, og tydde aldri til karakteristikkar eller demonisering av motparten for å nå fram. Han tenkte alltid: Korleis kan vi gjere dette betre? Er det andre argument vi ikkje har tenkt på?
Eg overtok eit verv i ein komité der han hadde vore aktiv, og prompte fekk eg ein telefon der han ga meg den historiske bakgrunnen for komitéen, oppsummerte kva dei ulike statsrådane hadde meint om dette sidan tidenes morgen, og kva vurderingar som låg bak komitéen sine oppgåver. Dette gjorde han sjølv om eg ikkje var hans direkte etterfølgar, og utan at han plikta å gjere det. Han var berre brennande oppteken at vi skulle få til det beste resultatet for musikken og musikarane, og at eg skulle ha best mogeleg grunnlag for å gjere ein god jobb.
Vi arbeidde også med nye medier, og Arne var på med ein gong. Han hadde ingen problem med å sette seg inn i kva konsekvensar det ville få når musikken kom på internett, og han hadde masse idéar om korleis det skulle løysast. Det var fint å samarbeide med Arne, han har gjort mykje politisk arbeid for norsk musikk og norske musikarar som mange ikkje er klar over.
Det var interessant å høre om ham fra “bak kulissene”. Slike personer blir oftest veldig endimensjonale når man bare har dem fra media.