Mat, Middag, Sausar og dippar, Supper, Tilbehør
Comments 5

Kjapt og eksotisk I


I ein travel kvardag er det få ting eg set pris på som ein ny idé for korleis eg kan gjere daglegdagse ting raskare og likevel like bra som før. Eg har brukt mykje tid på å finne fram til korleis eg skal kunne gje familien min noko godt å ete utan at eg er utsliten, og barne-TV er ferdig før vi har fått sett oss til bordet. Gode oppskrifter og gode lettvinte ingrediensar er gull verdt for å få tidsklemma til å skvise litt mindre.

Dei nye matvarene i butikkane har vore med på å gjere livet mitt lettare. Og då tenker eg ikkje på ferdigmiddagar meint for mikrobølgeovn. Eg tenker på dei nydelege, aromafylte butikkane som våre nye landsmenn har opna, og som gjev oss eit vareutval som vi berre kunne drøyme om for nokre år sidan.

Varer med ukjende teikn og namn på kan virke avskrekkande, men eg kan love at det ligg mykje moro med mat i dei eksotisk innpakka råvarene du finn der. Rettar med cous-cous, nudlar og bulghur, og smakstilsettingar som østerssaus, Sambal Oelek og søt soya vil både overraske og glede trauste, norske smaksløkar.

Det velsigna med denne maten er at mykje av den går fort å lage, og den er haldbar, så du kan ha dei ulike ingrediensane ståande i skapet.  Samstundes treng du berre kjøpe nokre kyllingfiletar eller eit stykke steinbit på veg heim for å lage eit krunamåltid.

I tillegg til sausane og ingrediensane som er lista opp nedanfor, har dei fleste innvandrarbutikkar og velassorterte kolonialforretningar ferdige sausar på glas.  Det kan vere Sweet & sour og Black bean sauce frå Kina, Rogan Josh og Balti frå India og Teriyaki frå Japan.  Desse er kjempefine å bruke i wok. Det går så fort å lage at du alltid må sette på risen først.

Fres løk og eventuelle andre grønsaker i woken på ganske høg varme, gjerne wokblanding frå pose eller boks. Suppler med strimla paprika, kvitkål, kinakål eller squash. Ta grønsakene til side, og steik kyllingstrimlar eller svinekjøt i strimlar på same måte, raskt og på høg varme. Rør i sausen, rist ut glaset med litt vatn og slå over, la det koke opp, og middagen er ferdig på eit kvarter.

Kva er kjekt å ha?

Salt soyasaus – Tyntflytande sterkt salt saus, kan brukast i marinader, på kokt ris og som smaksforsterkar i sausar og gryterettar.

Søt soyasaus – Tjuktflytande søt saus, kan brukast i marinader og som ”steikesaus” i wok.

Søt chilisaus – til marinader, som dip og til å vende kylling i før du steiker den i omnen.

Sambal oelek – chilipasta, fin å bruke når du vil ha retten litt sterkare, men ikkje har fersk chili.

Five Spice – krydderblanding som vert mykje brukt i kinesisk mat, særleg i wok.

Fiskesaus – tyntflytande, sterkt salt saus som kan brukast til dip, som ”steikesaus” til wok og i mange andre asiatiske rettar.

Østerssaus – som fiskesaus.

Kokosmjølk – Ei tjuktflytande væske som kan kjøpast på boks. Den vert laga ved å kna vatn gjennom rive kokosmasse.

Cous-cous – gryn av semulekveite, vert brukt som ris. Brukt i midt-austen og i Nord-Afrika.

Bulghur – knuste, grove kveitekorn, vert brukt som ris. Brukt i midt-austen og i Nord-Afrika.

Koriander – grøn urt som kan kjøpast fersk viss du har flaks. Viss ikkje, kan du få tak i knust fersk koriander på glas.  Må ikkje forvekslast med tørka koriander.

Tahine – puré av sesamfrø, vert mykje brukt i mat frå midt-austen. Fast ingrediens i hummus, ein puré av kikerter som vert brukt på brødet og som dip.

Garam masala – krydderblanding som er det karakteristiske krydderet i indisk mat.

Min største inspirasjon når eg byrja prøve meg på eksotisk mat var Sissel Keyn Lodding si bok ”Fra bambusskudd til gurkemeie”. Den har seinare kome ut i ei enklare (og billigare) utgåve, som heiter ”Lyst på… Eksotisk”. Den kan eg anbefale på det varmaste, løp og kjøp!

Cous-cous er like enkelt å lage som potetmos på pose, men mykje bedre. Cous-cous er det same som grove semulegryn, og kjem opprinneleg frå Nord-Afrika. Dette treng du til fire svoltne personar:

4 dl cous-cous

4 dl vatn og buljong (hønsebuljong eller grønsaksbuljong er best, gjerne fond frå flaske)

2 ss smør

2 store tomatar eller 8 soltørka tomatar

ein liten raud løk

Ein neve korintar eller lyse rosiner

Kok opp vatn, og løys opp buljongen i vatnet. Ta gryta av plata.  Hakk løken ganske smått. Del tomatane, ta ut frøa og hakk i terningar. Brukar du soltørka tomatar, så hakk dei, og legg dei i det varme vatnet saman med løken og det du måtte velje av korintar eller rosiner. Brukar du friske tomatar, bløyter du berre løken og det søte. Løken får ein mildare smak når den får ligge i buljongen litt.

Når grønsakene er sånn passe bløytt og vatnet kolna litt, rører du i cous-cousen (og tek i dei friske tomatane viss du brukar det), og legg på lok. La det stå i ca. 3-5 minutt. Smak på cous-cousen. Viss gryna fortsatt er harde, så tilset litt meir buljong. Smak til med salt og pepar. Bruk ein gaffel og rør inn smøret samstundes som du skiljer gryna frå kvarandre. Har du friske krydderurter, så hakk dei og rør inn til slutt.

Bulghur kan du lage til på same måte, og pass på at både for bulghur og cous-cous så treng ikkje vatnet du bløyter dei i vere så varmt.  For varmt vatn kan gjere at dei klumpar seg.  Du kan lage bulghur til å ha i salatar berre med salta lunka vatn, det treng ikkje kokast i det heile.  Du treng ikkje bruke smør når du lagar rettar med bulghur.

Cous-cous slik den er tillaga over kan eigentleg vere ein rett i seg sjølv. Treng du kjøt eller fisk til, så prøv dette:

Ca. 800 g kyllingfilet eller svinekjøt i strimlar, eller kvit fisk som er fast i kjøtet

2 ts søt soyasaus (Ketjap Manis)

2 ss salt soyasaus (Ketjap Asin, Mushroom Soya eller Kikkoman)

2 ss søt chilisaus (er du nøye, eller forsiktig med det sterke, så sil av frøa)

2 ts god eddik, eg brukar rødvinseddik

2 ts riven ingefær (kjøp den på glas, den held seg utruleg lenge)

Bland dette, ha det i ein plastpose og la kjøtet eller fisken ligge i posen medan du ordnar med cous-cousen. Steik kjøtet/fisken i ei panne, og hell marinaden over til slutt som saus. Juster eventuelt med litt vatn eller buljong iblanda litt maizena om sausen vert for sterk.

Det thailandske kjøkkenet er fascinerande, og byr på ei deilig blanding av sterke, søte og syrlege smakar.  Her er ei kyllingsuppe som er ein hit i vår familie. Eg er ikkje sikker på kor ur-thailandsk den er, men namnet skjemmer ingen! Har du handla inn krydder og sausar på førehand, er suppa ferdig på mindre enn 20 minutt, og du treng berre kjøpe kyllingen på veg heim.

I oppskrifta står det kyllingfiletar, men du kan også bruke ferdig grilla kylling. Då pillar du av kjøtet og har det i suppa, og det treng berre bli gjennomvarmt. Det er ikkje like godt, men det funkar til kvardags. Lagar du suppa på ein søndag, tek du ein heil, fersk kylling (eller tre når du først er i gang…), brukar lårkjøtet og filetane i suppa og kokar kraft på skroget. Det blir ekstra godt. Legg skroget i ei gryte, ha i ein løk delt i to, ei gulrot i bitar, nokre stilkar selleri, eit teskei heil, svart peppar og dei siste kruspersillekvastane frå hagen. Ha over vatn til alt er dekka. Kok det heile på svak varme i ein time, og skum av flittig. Sil frå krafta, og kok den inn til halve mengda.

Thailandsk kyllingsuppe

2 ss nøytral olje

1 løk

2 båtar kvitløk

2 ts spisskummen

1 ts gurkemeie

1/2 ts Sambal Oelek chilipasta

4 ss limesaft

1 liter hønsekraft, vatn og hønsebuljongterning eller vatn og flytande kyllingfond

Ein boks kokosmjølk

2 ss fiskesaus

2 ss maizena

2 hønsefiletar

2 ss hakka, frisk koriander, eventuelt frå glas.

Finhakk løken og kvitløken, og fres det mjukt og blankt i olje. Ha i spisskummen, gurkemeie og chilipasta, og fres det medan du rører. Ha i limesaft, hønsebuljong, kokosmjølk og fiskesaus. Kok opp og smak til om det trengst meir salt. Du kan salte med litt meir fiskesaus i staden for å tilsetje vanleg salt. Jamn suppa med med maizena rørt ut i litt kaldt vatn. Skjer kyllingfiletane i strimlar, og ha dei i suppa. La suppen koke 10-15 minutt til kyllingstrimlane er gjennomkokte. Server med hakka koriander strødd over. Brukar du koriander frå glas, så rør korianderpastaen inn før du auser opp suppa. Nam!

Kombinasjonen av chili, lime og kokosmjølk er ein nytelse, og denne oppskrifta er lett å auke storleiken på.  Eg har lagd denne til 25 personar, og alle var glade… 🙂 

5 Comments

  1. Midt i blinken!
    Jeg har lenge tenkt å få tak i litteratur med oversikt over alle disse deilige, relativt nye smakene, og boken av Sissel Keyn Lodding er nå satt på innkjøpslisten, for det blir for meg som for mange andre: jeg våger meg ikke inn i innvandrerbutikkene fordi jeg ikke vet hva som er hva, og heller ikke kan lese teksten. 😉

    En del ingredienser har jeg prøvd og feilet meg frem til, og føler meg til tider som DEN kokken på kjøkkenet. (Det skulle vel ikke så mye til for å høyne nivået..)

    Akkurat nå står et nyinnkjøpt glass med kapers og lager lokkelyder, men jeg har ikke helt turd å åpne det og smake på innholdet. Det kommer nok. 🙂

    Likar

  2. Kapers kan du bruke i salatar, i tapenade og til å jazze opp aioli med. Dei er ei deilig lita smaksbombe, sjølv om det tok si tid å klare å like det. Eg vaks opp med kapers i fiskebollesausen, og det var eit svare strev å styre unna dei syrlege smakseksplosjonane. Nesten like vanskeleg som å styre unna heilpepparen i fårikålen.

    Likar

  3. Fin blogg! Nå har jeg vært på nettet og funnet Sissel Keyn Lodddings bok som du anbefaler! Bruker aldri kokebøker, men hørtes ut som ei jeg vil ha i samlinga 🙂

    Har også en nokså fersk matblogg, http://matfront.blogspot.com og linker gjerne til deg der, hvis det er ok.

    Sylvi

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s