Duft
Comments 5

Narciso Rodriguez Essence


Som eg har skrive om tidlegare, likar eg svært godt Narciso Rodriguez sin Eau de Toilette. Den er sexy, spennande, tydeleg og har klasse. Eg likar ikkje så godt Eau de Parfum-utgåva, den har for mykje blomar for meg.

Her om dagen var eg på min faste runde mellom dei gode parfymeria i byen, og både på Stein & Straum og Glasmagasinet hadde dei fått inn Narciso Rodriguez Essence.

essence-model310x400-2Essence er ei heilt ny duft, på same måte som EdP er ein sjølvstendig duft i forhold til EdT, med ganske ulike notar.

Essence er ein mykje reinare komposisjon enn EdT, med færre notar. Roser, iris og kvae er topp- og hjartenotane, medan ei blanding av moderne musknotar utgjer botnen.

Som hovudregel slit eg med iris-notar. Dei blir for skarpe, grøne og tørre for meg. Iris er den noten som oftast gjev parfymar eit pudra preg, og mange forbitt pudderpreget med «gamal dame-parfyme».  

I Essence er puddernoten dempa, kjøleg, meir floral enn grøn. Saman med rose og kvae gjer det at den ikkje blir så alderdommeleg likevel.

Når Essence tørkar inn kjem den karakteristiske muskbasen fram, som er Rodriguez sitt varemerke. Den er tiltalande som alltid.

Essence minner meg litt om White Linen (den gamle) utan dei spisse notane den er plaga av. Viss du brukte White Linen på åttitalet, men syns den er i skarpaste laget no, vil du heilt sikkert like Essence.

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Jeg snuste såvidt på Essence i dag. Virket behagelig, men prøvde den ikke på huden. Det burde jeg kanskje gjort, isteden for Guerlain – Eau de Cologne du 68 . Den måtte jeg skrubbe av da jeg kom hjem .. Jeg kan forstå andre som liker den, men for meg var den en «hat-duft». Derimot likte jeg Eau de Shalimar 🙂 Satt litt dårlig på huden, men tenkte jeg skulle prøve igjen.

    Likar

  2. Eg har til gode å finne ei Guerlain-duft som eg verkeleg likar, dessverre. Eg har verkeleg prøvd. Eg er nok ei Lauder/chanel-jente…

    Likar

  3. velduftende says

    Både Lauder og Chanel har flotte sofistikerte dufter 🙂 Brukte mye Lauder tidligere, Cinnabar (heftige saker), Youth Dew (enda HEFTIGERE), White Linen, Knowing osv Nå for tiden har jeg Chanel Collection Les Exclusifs på hjernen. De er helt fantastiske, men får prøve å nøye meg med den ene jeg har (Sycomore) Haha, parfyme er det eneste jeg noen gang har kjøpt i en Chanel Butikk. Guerlain var det parfymehuset jeg startet med, så jeg vil alltid ha et spesielt forhold til flere av de gamle klassikerne. Vanlig Shalimar orker jeg ikke å bruke lenger, men synes light variantene er flotte. Liker også Jicky veldig godt, samt flere andre. Stor forskjell på Edt, Edp og ren parfyme i enkelte fra Guerlain. Har du forresten prøvd Eau de Shalimar, som kom i fjor?

    Likar

  4. Ja, eg har gått litt med den, men den blir ikkje meg, dessverre. Eg likar nok trenotar betre enn kryddernotar, og opplever Eau de S som ganske krydra, den og.

    Likar

  5. Joda, alle Shalimar variantene er nok ganske krydret, og med mye vanilje. Derfor blir de også (spesielt den orginale) ganske tunge og stivpyntet. Jeg er også mest glad i tredufter nå, og rett type krydderduft på den kalde årstiden (mmm .. Black Cashmere)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s