Duft
Comments 4

Kenzo Amour Florale

Kenzo har fleire parfymeseriar, og Amour-serien byrja med Kenzo Amour som kom i 2006, i ei elegant og velforma flaske.

Kenzo-Amour_vignette_parfum_grandeMange vart forvirra av at den kom i ulike fargar, og trudde kvar flaske var ei spesiell duft, men fargen på flaska avheng altså av storleiken på den.

Amour er ei asiatiskinspirert blomeduft med tre- og musknotar. Kirsebærblomar, kvit te og røykelse er også ein del av komposisjonen.  

I 2008 kom Amour le Parfum, i bronsefarga flaske. Den er litt meir orientalsk i notesamansetjinga, med ris som ein av hjartenotane, og patchuli og vanilje i botnen. Eg likte denne betre enn den første, og den minte meg om honning på huda.

Eg har vore på leiting etter ein god sommarparfyme som har litt stamina og som samtidig er lett og floral. Då eg fann Kenzo Amour Floral var det som å kome heim.

kenzo-amourDen er ei grøn blomeduft utan å bli skarp, den er lett og elegant. Samstundes held den i allfall halve dagen, og meir kan ein kanskje ikkje vente av ein floral sommarparfyme.

Det er rose, neroli (appelsinblomst), frangipani og gardenia som er dei berande blomenotane i parfymen. Reine blomenotar kan fort bli kvalmande, og difor er det avgjerande korleis dei øvrige notane harmonerer og føyer seg inn rundt blomane for om ein slik komposisjon vert vellukka.

Kenzo Amour Florale har fått eit friskt hint av grapefrukt, og kardemomme gir den eit innslag av varme.  Dette rammar inn blomenotane på ein lekker måte. Det gjer at dufta framstår som velbalansert grøn og floral. Å gå med den er som å gå gjennom ein hage, med deilige, kvite blomar overalt rundt seg.

Det vil nok variere frå person til person kor lenge den held, på meg sit den i fire-fem timar, og det er lenger enn mange tilsvarande dufter. Eg prøvde fire ulike på huda i går, og to av dei var borte etter ein halvtime.

Flaska er lekkert dels opak, dels gjennomskinneleg glas, og kjem i 40 ml og 85 ml.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. lineca says

    Her var det jammen mye lesning for damer. Herlig!
    Kunne hatt huset fullt av parfymer jeg og, men det var både plassen og lommeboka som setter stopper for det. Har en ny favoritt Bali at 7.15 Helrig varm duft litt tyng, krydret men også floral. Ikke av de tyngste altså.
    Problemet med parfymer er at duften forsvinner så alt for fort.
    Herlig tur å bli med på med deg. Nesten så er virkelig er med selv slik osm du skriver.
    Klemz!

  2. Ris? Hvordan dufter ris, da. Som kokt jasminris, eller som basmati eller noe sånt? Begge er jo herlige.
    Jeg kan tenke meg at kardemommen gjør susen, ja. Disse krydderne er i grunnen ganske viktige mange av de duftene jeg er gladest i. Nellik, kanel, kardemomme, pepper. Osv.
    Fine, de Kenzo-flaskene 🙂

  3. For ei fin oppsummering, fekk som vanleg lyst til å lukte. Velbalansert sommardufter er ikkje alltid lett å finne, men det er ei gøy jakt. Einig med Britt Åse, flaskene er vakre dei óg.

  4. Pingback: Nye dufter, og litt om Tuberose – Polianthes tuberosa « Alt godt

Leave a Reply