Duft
Comments 5

Dsquared Wood for her

Når ein virrar rundt på byens parfymeri er det rett som det er at ein får prøver på nye dufter. Iallfall dersom ein spør om det. Bipbap og eg var innom Eger, det nye kjøpesenteret midt på Karl Johan, og Estetique der er det einaste norske parfymeriet som fører Dsquared Wood-duftene i dame- og herreutgåve. 

She-WoodAv ein eller annan grunn fekk eg med meg berre dameutgåva, og det kan vere like bra. Etter å ha googla desse duftene kan eg notere meg at dei er nærast reine fioldufter. Av alle duftaromaer trur eg det er den eg slit mest med. 

Likevel har eg enkelte parfymer som inneheld fiol i begrensa mengder. Både Feminité de Bois og Karl Lagerfeld Floriental har fiol i seg, og begge dei to likar eg fantastisk godt. Men rein fiol utløyser hvoudverk og kvalme hos meg, og eg må gå og vaske det av meg med ein gong om det vert «feil». 

Viss du likar fiol, og i tillegg syns at jasmin er deilig så er Dsquared Wood rett duft for deg. For oss med fiolutløyst migrene er dette ikkje tingen. Men eg kan vel ikkje berre skrive om parfymer eg elskar? 😉

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. sol says

    bra med slik info også! eg er for øvrig heller ikkje så glad i fiol, men så les eg dette om ei av yndlingane mine no om våren; Paris, i avleggaren Nuit de fete: Top notes are violet, bergamot and orange blossom; middle notes are rose and mimose; base notes are sandalwood, vetiver, oakmoss and musk.

  2. sol says

    ps, Feminite du bois har eg hatt i mange år – enig med deg! (likar slektningen Dolce Vita også) Floriental har eg ikkje eingong prøvd enno, sjølv om den jo er lett å få tak i også her i Trondheim.

  3. Sol: Eg elskar Dolce Vita og, og så den søte veslesøstra Eau de Dolce Vita. To flasker Feminité de Bois att i Oslo forresten (S&S, ikkje Shisheidostanden men der alle parfymene er), før den vandrar inn i Lutens-tåka langt borte ein stad…

    Når det gjeld fiol er det berre å notere seg at mennesket ikkje er eit konsekvent vesen… 😉

  4. Jeg har liggende en prøvestripe med denne i veska etter et sveip innom «tax free»-en på Schiphol nå i kveld.
    Reagerte ikke med å kjenne igjen fiol i første omgang, men det blir artig å kjenne etter i morra. Flaska var stygg, dog. Synes nå jeg da.

  5. Eg trur nok at når ein har ein aversjon mot ein note så står den noten meir ut enn elles. Velkommen heim, forresten! 😉

Leave a Reply