-Kva gjer ein då? Betre vitlaus enn rådlaus er slagordet her i heimen, så det vart middag, og alle vart mette. Eit stykke biff, i dette tilfellet entrecote, er ofte ganske stort. Mine kjøtstykke var nok i overkant av 200 gram, og med tre slike har ein meir enn nok til ein middag til fire viss ein berre er om seg og for seg.
Eg skar entrecotestykka reine, altså tok bort feittauga (ja, eg veit at kokkane meiner det er det beste, men i gryte? Vel…) og andre seige ting, du veit desse perlemorsfarga banda som ligg der kjøtet deler seg. Så delte eg kjøtet i strimlar. Pass på at du skjer på tvers av kjøtfibra, elles vert kjøtet seigt same kor flott kvalitet det har frå før.
Så fresa eg kjøtet brunt i små porsjonar i varm gryte med litt smør og litt olivenolje. Eg skuldar å nemne at eg hadde ein slant raudvinsaus ståande frå den opprinnelege biffmiddagen. Jada, posesaus, det skjer her i huset iblant. Avkoket frå gryta hadde eg oppi sausen mellom kvar steikerunde. Så hakka eg løk og paprika, og freste det før eg blanda saman kjøtet og raudvinsausen.
Det var vel omtrent rundt her eg sette på ei gryte med vatn til ris. Enkelte syns det er vanskeleg å koke ris, og det kan eg forstå. Eg sleit også med det i byrjinga av mi kjøkkenkarriere. Eg kokar opp fem dl vatn i ei gryte som ikkje er alt for stor. Når det kokar har eg i ei halv teskei salt, og 2,5 dl ris. Eg skyljer ikkje risen, sjølv om mange seier ein bør det. Dei om det.
Så rører eg i risen til den kokar opp på nytt, og så slår eg ned plata på 1/3 effekt. Mi plate går frå ein til ni, og eg let risen koke på 2,5-3. Legg på loket, sett ringeklokka på 12 minutt og pass på at det ikkje kokar over dei første par minutta. Når klokka pip slår eg av plata og let risen stå og dampe av seg nokre minutt med loket med ei lita glipe. Perfekt kokt ris! Skal du servere den til asiatisk mat (kanskje ikkje indisk) kan du ha i ein sprut sitron saman med saltet og risen. Oksegryta mi lagde eg slik:
Oksegryte
600 gram reinskore oksekjøt
3 dl ferdig raudvinssaus
Olje og smør eller margarin til steiking
Eit beger sæterrømme eller crème fraïche
1 paprika
ein løk
To fedd kvitløk
1 s tørka timian
Salt, peppar og sukker
Steik kjøtet i skikkeleg varm panne i små porsjonar til det er brunt og fint. Ta det ut av gryta med ei holsleiv. Kok ut gryta med litt vatn, og slå avkoket oppi sausen. Skrell og rens løk og kvitløk, og fres det i gryta med timian. Del paprikaen i passe store bitar, fjern frøa og ha i gryta.
Ha i kjøt og raudvinsaus og la det koke til risen er ferdig. Ha i eit beger rømme, og nokre skiver brunost, og kok opp på nytt. Smak til med salt, peppar og ei klype sukker viss det trengst.
Server gryta med steikte squashskiver og ris.