Musikk
Comments 5

Noko av det vakraste XIII

Ei av dei aller første platene eg hadde var med Leonard Cohen. Han har på ein måte alltid vore med meg. Sangleg har han mange manglar, men han skriv vakre melodiar og rørande tekster. Eg har alltid likt det han gjorde.

I 1987 kom Jennifer Warnes med plata «Famous blue raincoat». Der gjorde ho berre Cohen-låtar, og ho gjorde det på ein fantastisk måte. 

Sangteknikken hennar er så langt frå Cohen sin som det er råd å kome utan å ende opp med opera. Ho har ei plastisk stemme, rik på klang og overtonar. Der Cohen er monoton og raspete er Warnes varm, velmodulert og uttrykksfull.

I tittelsporet til Famous blue raincoat fortel Cohen ei historie om eit kjærleikstriangel. Han som syng fekk henne til slutt, men kjærleiken har kolna, og han skriv ein vennleg brev til han som ho elska. Vemodet ligg mellom linjene, og fortel om kor tilfeldig det er kven vi endar opp saman med, og kor vi endrar oss kroppsleg og mentalt.

På youtobe ligg det berre ein video med Jennifer Warner som syng denne. Det er ein rar film, som er eit portrett av ei godt vaksen, lett uformeleg kvinne, ikkje spesielt godt kledd, og med ein dårleg hårklipp.

Men portrettet er tydeleg gjort av ein/ei som bryr seg veldig om henne, det er lagd med kjærleg hand.

I byrjinga irriterte eg meg over denne filmen, men eg har sett den oppatt, og ser korleis den heng saman med temaet i sangen. Vi kan berre vone å få vere elska og sett pris på same kor uformelege vi vert med tida.

Den andre filmen eg fann er ei heilt anna historie, ei klassisk kjærleiksforteljing med han og henne, konflikt, forsoning og sterke kjensler.

Bilda er henta frå ei filmatisering av Elizabeth Gaskell si klassiske forteljing North and South. Her syng Leonard Cohen sjølv, og kontrasten er stor på alle måtar.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Jane says

    Han er også en av mine favoritter, men denne hadde jeg ikke fått med meg. Nydelig!

  2. Vakreste? Stemmen hans. I et rom som er moerkt og bare fylles av lyden av denne mannen som har levd saa mye, hvor stemmen forteller en historie i seg selv bare med sitt blotte naervaer.

  3. Vet du hva som slaar meg, forresten? At refrenget er er identisk med melodien til en gammel schlaeger som jeg ikke husker navnet paa akkurat naa, ei heller artist (Diana Ross? Dolly Parton? Noe 70-talls i hodet mitt…). Men teksten er noe i traad med dette

    And I need you
    to be by my side and I’ll (touch?) you
    I never knew there was so much love
    only one heartbeat away

    Det kan vaere at jeg blander to vers/refreng her, men… Hvis du synger dette oppaa naar Leo synger refrenget skal jeg vedde paa at du vet hvilken sang jeg mener!

  4. Er det ikkje Leo Sayer? When I need you… Eg lurer på om eg har høyrt at det var ei rettssak som vart forlikt som handla om plagiatanklager. Sayer sin versjon kom sist, så det var nok han som vart saksøkt.

    «When I need you, I just close my eyes and I’m with you, and all that I so want to give you, is only a heartbeat away.»

  5. Der ser du. Jeg tenkte paa en innspilling vi har hjemme hos opphavet med kvinnelig vokalist, men du har selvfoelgelig helt rett! Ante ikke at han kom sist – det plagiatet er jo utrolig tydelig. Og Cohen sin sang er ufattelig mye finere. Alt hva du kan! Jeg er imponert!

Leave a Reply