Christian Dior lanserte Escale à Portofino i fjor, og det var ei av sommarens parfymesuksessar. I år kom Escale à Pondichéry, med same design og stil. Det er allereie varsla at det vil kome fleire “trappeparfymer” i denne serien, som til no består av to aromatiske sitrusdufter, den eine inspirert av Italia, den andre av India. Escale à Portofino falt eg ikkje for. Eg opplevde den som litt emmen, ikkje så frisk som ein kunne vente.
Escale à Pondichéry er ei heilt anna historie. Den opnar og med markante sitrusnotar, men den beheld det friske preget så lenge eg har parfymen på. Den har tenotar og, ein av mine favorittar.
I tillegg har den eit hint av kardemomme, men det gjer den ikkje søt. Det berre legg til litt varme, denne typen friske, kjølege parfymar kan lett få eit metallisk preg viss det ikkje er varme notar med i komposisjonen.
Escale à Pondichéry er ikkje pudrete, men likevel klassisk elegant. Den har eit mystisk skjær over seg, som eg vil beskrive som androgyn. Dette er definitivt ein parfyme som ein mann og kan bere. Sandeltreet i botnen av dufta gjer at denne parfymen framstår som rein, avkjølande og stilfull. Eg kan ikkje tenke meg noko høve då denne parfymen vil sende ut feil signal, eller vere “for mykje”.
Eg kjenner at dette verkeleg kan bli ein ny favoritt. Den liknar ingen andre dufter eg har. Ei lita sommargåve til meg sjølv, kanskje? Skal tru om ikkje feriepengane er på konto snart? Hmmm…
Ja! denne tok jeg en spritz av hos yndlingsparfymeriet i går, faktisk. Jeg snuste ikke med vanlig konsentrasjon og innlevelse (jeg tigget nemlig prøver hos det andre parfymeriet, hehe), men jo, den var god. Nammegod.
denna fick jag som present av min pojkvän, jag älskar te-dofter, och den här var perfekt nu till sommaren!