Eg har presentert Radka Toneff her før, men ho fortener å få synge meir enn ein song her i bloggen. My funny Valentine var den første eg høyrde med henne. Den slo meg i marka, eg hadde aldri høyrt noko liknande.
Sangen er ein standardlåt skriven av duoen Rodgers & Hart til musikalen Babes in arms i 1937. «Alle» har gjort denne, frå Ella Fitzgerald til Chaka Khan via Matt Damon med Jude Law på saksofon. For meg vil alltid Radka Toneff sin versjon med Steve Dobrogosz på piano vere den beste.