Duft
Comments 6

Dufta av ei rose

I det siste har eg leita etter den optimale roseparfymen. Rosene blomstrar i hagen, nokre av dei luktar heilt fantastisk, og eg skulle ønske eg kunne lukte slik. 

smithEg har ved fleire høve prøvd Paul Smith Rose, som han lagde til kona si i gåve, og som vart lansert på Chelsea flower show, for sikkerheits skuld. Den duftar lekkert, elegant og med god «sillage». (Kan nokon hjelpe meg med å finne eit godt norsk ord for den skya vi parfymebrukarar går rundt med omkring oss?)

Den varer også godt, sommarflankeren av den er også god men døyr etter ein halvtime. Men det er noko som plagar meg med denne, som gjer at den ikkje er optimal for meg. Kva det er fann eg ut då eg sjekka notelista, den har ganske mykje fiol i seg. Det er ein «dealbreaker» for meg, så eg måtte gje Paul Smith på båten, sjølv om eg likar mange av dei andre duftene hans.

Den neste eg prøvde var den nye flankeren til Laura Biagiotti, Laura Rosé. Laura vart lansert midt på nittitalet, og er ein floral fruktduft med fersken, litchi, fiol og fresia.God på andre, men ikkje noko for meg.

lauraLaura rosé er ganske annleis, dei burde eigentleg ikkje ha same namn, spør du meg. Laura rosé er ei lekker roseduft, den inneheld frukt og bær i form av solbær og sitrus og utan at det vert for mykje. Men det tek på ein måte fokuset bort frå det eg leiter etter; den ultimate rosa.

Det skal vere ein note som minner om italiensk panettone i den og, men den merkar eg ikkje noko til. Det eg merkar er ei roleg, pudrete nedtørking, med eit kjøleg preg. Rosedufta blir meir eller mindre borte mot slutten, dessverre. 

Den siste rosedufta eg prøvde er Stella McCartney si duft Rose Absolute. Ho har laga mange dufter, alle meir eller mindre basert på rosenotar, men denne er den der ho går lengst i retning av ei rein roseduft.

stellaRose Absolute er langt på veg ei rein roseduft, det syrlege i den kjem frå mandarin og det grøne, friske kjem frå peon. I botnen ligg ein varm men ikkje krydra ambernote og rundar det heile av. 

For meg var denne den mest genuine rosedufta, den som held seg elegant og lett utan å gå inn i forråtnelsen slik mellom anna Bulgari Rose Essensielle gjer. (Den var så kvalmande at eg nemner den berre  i forbifarta. Den får ikkje ein gong bildet med.)

Når eg luktar på Absolute rose føler eg at eg går igjennom ein gamal rosehage, og at ein forfriskande vind bles slik at eg ikkje vert overvelda men oppløfta av duftene. 

Ein budsjettvariant er The Body Shop sin Moroccan Rose, den er også ei godt komponert roseduft, men den kjem ikkje opp mot Stella McCartney Absolute Rose. Så den fekk vere med heim i dag. 😀

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Anita K. says

    Fint at du nevner Body Shop, jeg husker deres Tea Rose, som luktet syntetis rose etter en stunds bruk. 😆
    Stella McCartney må jeg vel se langt etter herover…

  2. Rosedufter er vanskelige! Sikkert ikke så vanskelig for de som digger roseduft kanskje. Jeg sliter, og må ha den perfekte for å nyte den. Tror jeg har funnet den nå: Montale – Black Aoud 😀

  3. Anita: Tea Rose har eg ikkje lukta på, men Moroccan rose virka naturleg og god på meg.
    Bipbap: Ja, det hjelper nok å like rosedufta, eg har ei som eg tek inn av kvar dag no. Deilig!

  4. Fra kontorfronten er også stadig på jakt etter den perfekte roseparfymen. Foreløpig er vi enige i at Stellas Ms dufter er favoritter. I løpet av sommeren skal imidlertid duftene til Annick Goutal inspieres nærmere. Til høsten vil vi dufte duggfriske roser på våre kontorer!

  5. Tror jeg har funnet den nå: Montale – Black Aoud

    Åjavelja? (nysgjerrig, og laaang borte fra alle prøvene mine, men Black Aoud var vel kanskje ikke med i prøveflaskeposen?)

    Alt godt: grattis med den som ble med hjem, da 🙂

  6. sol says

    den ultimate for meg er YSL’s Paris! og noen av flankerne er like fine som «morduften»! Men jeg har det nok litt lettere enn deg siden jeg liker fiolnote!
    Dattera mi er forøvrig glad i Yves Rochers roseduft. Tydelig kanelsnev gjør at den skiller seg fra hopen av roseparfymer, samtidig som roseessensene i den er av god kvalitet! bra kjøp til billig penge!
    (få kommentarer fra meg i sommer fordi jeg er mye her og der..)

Leave a Reply