Yves Rocher, postordrekongen, har komponert ein del dufter som definitivt har noko ved seg. Ikkje alle har like god stamina, men særleg dei som kjem i Eau de Parfum-styrke gjer nok av seg til at dei kan vere verd pengane.
I tillegg kan du bestille prøver, eg trur eg betalte ein femtilapp til saman for femten prøver (rett nok våtserviettar, ikkje minisprayar) pluss ein masse anna dill som kom saman med dei. Du må berre stålsette deg, og godta teppebombinga av skritteljarar, venninnetilbod, pysjamasar i storleik lita dokke og alt det der.
Voile d’Ambre er ei duft basert på syntetisk amber. Ekte ambergris, eit kompakt sekret frå galleblæra til spermasettkvalen, er dyrt og sjeldant, og mange kjemiske substitutt er på marknaden. Kouros, Obsession og Egoïste er klassiske herredufter med amber, og Coco, Burberry Brit og Jan-Paul Gaultiér Classique er nokre av dei mange dameduftene med denne noten.
Amber blir ofte balansert med sitrus, og i Voile d’Ambre er grøn mandarin med på å lage ei frisk, men også nokså skarp opning. Den dempar seg ganske raskt, og slepp fram dei mjuke sidene ved dufta, mellom anna vanilje, myrra og patsjuli.
Voile er nær huda, det er berre byrjinga som er noko høglytt. Dette er ei lett amberduft, ikkje påtrengande og slitsom. Den framstår likevel som den rufsete storesøstra til den meir elegante Stella McCartney Amber, som dessverre berre er tilgjengeleg i fast parfyme.
Amber frå Stella McCartney inneheld som alle hennar parfyme roser, og ulike typar musk i tillegg. Ei nydeleg duft.
Voile er mykje duft for pengane, men eg har kjent meir elegante, velkomponerte amberparfymar. Den er varm, kroppsnær og tiltalande. Den riv meg ikkje med, men den vil heller aldri vere feil. Det er ei amberduft du kan ha på deg på kontoret utan å plage kollegaene, og som kanskje passar best på ein regnversdag eller ein kjøleg haustkveld.
Jeg fant frem en liten mini med Voile d’Ambre. Den hadde stått på hue, og nesten alt var rent ut 🙁 Det lille som var igjen hadde heller ikke stort lukt igjen. Voile d’Ambre duger (for de som ikke er like sære som oss), og Yves Rocher er faktisk inne på noe når det gjelder dufter.