Duft
Comments 3

Hanae Mori: Magical Moon


Ein av dei mange skattane du kan finne på Gimle parfymeri er parfymene til Hanae Mori. Hanae Mori (eigentleg Mori Hanae) er ein kvinneleg japansk tekstildesigner, fødd i 1926. Ho slo igjennom i Paris og New York på sekstitalet, og som alle designarar med respekt for seg sjølv lagde ho også ein serie dufter.

IMG_8069I tillegg til ei herreduft har Gimle tre damedufter; Butterfly, Haute couture og Magical Moon. Det var Magical moon som fanga mi interesse, den er kompleks men tiltalande, ei svært samansett duft. Her finn du krydder, frukt og kvite blomar, ein typisk «floriental», som Karl Lagerfeld Kapsule Floriental, Sublime Balkiss og Miracle Forever.

Men eg opplever den ikkje som eksotisk, heller som ein lekker, velkomponert, ikkje for søt dessert. Denne parfymen er ein mannemagnet, viss ein mann først har byrja å lukte på deg når du har på deg denne parfymen skal det godt gjerast å få han til å slutte.

Likevel er den ikkje påtrengande, den er nær huda, du må inntil for å kjenne den. Eg kjøpte parfymen, og sjølv om den ikkje lagar ei sky rundt deg så sit den på heile dagen og utover kvelden. Heile tida dempa, men til stades.

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Hm .. mannemagnet .. Virker som du har erfart litt 😉 Hanae Mori har jeg aldri prøvd, men får visst gjøre det skjønner jeg 😀

    Likar

  2. irma says

    Har fått det for meg at jeg må sjekke ut denne litt mer grundig enn jeg gjorde når jeg var på Gimle, den er i hukommelsen fortsatt-jeg må få den inn eller ut på et vis 🙂 hva synes du om den nå? husker den ikke som fryktelig søt, men jeg ser at en del av omtalene mener den er det. Minner den om noen annen parfyme, eller er den helt spesiell ?

    Likar

  3. Dette med sødme i parfyme opplever folk som så utruleg forskjellig. Eg møtte ei i dag som hadde på seg L frå Lolita Lempicka. Den lukta nesten grønt på henne, iallfall ikkje søtt. På alle andre har eg opplevd den som ein dessertparfyme. På meg er Magical moon ikkje søt, men «furry». Ein lodden parfyme, så og seie, som dei fleste florientals. Du må berre gå med den sjølv, og vurdere korleis du opplever den på deg sjølv. 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s