Billig mat, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comments 3

Deilige, tjukke frukostpannekaker


I dag skal vi ha fine amerikanske pannekaker til frukost. Vanlegvis vert desse heva med bakepulver, eller ved bruk av «self-raising flour», altså mjøl tilsett bakepulver. Eg syns det kan bli ein litt kjemisk smak av bakepulver, så i dag let eg pannekakene heve med tørrgjær.

Eg lagar røra om kvelden, og set den i kjøleskapet over natta. Då er den klar til steiking om morgonen. Viss du lagar den same dag kan du la den stå ca. 40 minutt på benken før du steiker pannekakene. Tradisjonelt vert amerikanske pannekaker servert med smør over og under og i midten, eg droppar det. Men litt lønnesirup er godt viss du har det. Slik gjorde eg det:

IMG_8172Amerikanske pannekaker

200 gram kveitemjøl

2 egg

1 ss sukker

1 ts vaniljesukker

1/2 ts kardemomme

2,5 dl mjølk

10 gram gjær eller 1 ts tørrgjær

50 gram smelta, avkjølt smør eller flytande bremykt

IMG_8166Bland alt det tørre i ein romsleg bolle, hevinga gjer at røra tek litt plass utpå morgonkvisten. Ha i egg, mjølk og smør, og rør det heile glatt. La røra heve.

Steik pannekakene i smør på middels varme.  Pass på at det ikkje blir for varmt, då kan pannekakene bli ferdige på utsida medan dei framleis er rå utanpå inni. Å gje seg god tid er kunsten her. Server med sirup, nyrørte jordbær eller blåbær.

3 Comments

  1. solfrid says

    Bedre og bedre. Dette skal serveres til frokost i morgen. De to eldste og jeg er hjemme alene. Sunnhetsapostlene er på treningsleir og golftur;DD

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s