No har eg teke eit langt steg inn i parfymeverda, inn i den delen der ein ber parfyme for sin eigen del, ikkje for nødvendigvis å få kompliment frå dei rundt seg. Mange klassiske dufter er så til stades, så skarpe eller så animalske at dei rundt deg lett kan rygge når dei kjenner dufta du har på deg.
Musc Ravageur frå Frederic Malle er av det animalske slaget. Den har noko villt, dyrisk over seg, som både er mannleg og kvinneleg på same tid. I byrjinga er den ikkje så kroppsleg, då har du ei sky av lavendel, sitrus og vanilje rundt deg. Opninga har noko gamalmodig over seg i mi nase, det skuldast nok lavendelen, som eg forbitt med gråhåra menn. Beklagar, min assosiasjon, eg veit at mange likar lavendel svært godt.
Vidare ned i dufta så kjem dei tunge, men også spennande musknotane fram, saman med ein god porsjon vanilje. Musken balanserer den søte vaniljen, og gjev djupn og kompleksitet til dufta. Musc Ravageur er slett ikkje påtrengande, kanskje med unntak av den første halvtimen. Då lever den opp til namnet sitt, som betyr noko i retning av invaderande, skadebringande. Men når den har fått rast frå seg kan du til og med gå på foreldremøte med den, som eg gjorde i dag.
Innimellom så luktar eg røyk, fest og alt som høyrer med, men berre som eit vindkast forbi. Kan hende er det mine assosiasjonar til åttitalsfestar med menn som brukar Fahrenheit som spelar inn. Musc Ravageur kan minne litt om Fahrenheit, den gamle versjonen. Den versjonen som no er å finne i butikkane er gjort store endringar på, så åttitalskjensla er der ikkje lenger i same grad for min del. Men eg opplever Musc Ravageur som meir kvinneleg og meir tiltalande enn Fahrenheit, den er mindre “grøn”, og har meir sødme.
I avslutninga er Musc Ravageur berre ei varm, omfamnande kjensle, ei duft du kan synke ned i, helst saman med nokon som likar den like godt som du.
Den BURDE jeg snuse på… 😉
Har lest en omtale av denne på Basenote eller POL i dag. Ser rekti så fristende ut, ja.
Jeg for min del parfymerer meg stort sett bare for meg sjøl, jeg. Han mannebeinet mitt har lite nese for de finere nyanser når det kommer til parfyme 😆
Joda, jeg hadde også lest om denne på Basenotes osv, og kastet meg over den på Liberty. Ble sørgelig skuffet, men det sjelden musk klaffer på meg. Imidlertid skulle jeg gjerne likt å snuse på en mann med Musc Ravageur .. 😉
Fin melding. Tips til bra side å kjøpe testar av parfyme, og denne spesielt? Takk.
Beklagar at eg var sein med å svare! Eg vil anbefale deg å spørje på FB-gruppa Parfymesnakk. Dei har god oversikt.