No har eg sykla opp frå byen, etter ein tur til Glasmagasinet for å få med godis til dei heldige to vinnarane av 200 000-konkurransen min.
Det har skya over, men ikkje over meg, eg har mi eiga sol som følgjer meg akkurat no. 🙂 Neste helg blir ei langhelg, og den blir ikkje tilbrakt i Norge, det er alt eg førebels veit.
Posane ved sidan av inneheld alle prøvene frå Gimle som skal ut til blogglesarane mine, og den bakerste posen inneheld fine ting frå Heaven Scent. Syrin og Selma kan glede seg til dei får pakke!
Sjølv om eg har fått mange mailar (også frå ein del afrikanske bankfolk…) så har eg ikkje delt ut alle prøvene enno, der er framleis tid til å melde seg på det store gåvedrysset.
Eg ynskjer alle lesarane mine ei god helg, ta vare på deg sjølv og dine. Vi er så viktige for kvarandre, og vi seier det kanskje ikkje så ofte som vi burde!
Dette er heilt fantastisk – eg gler meg veldig! Eg har også gledd meg over postane dine frå nord – som halvt nordlending (Steigen), har eg mange barndomsminne herifrå. Altfor lenge sidan eg var der. Det må vere 15 år trur eg.
Spennende! Jeg gleder meg.
Ooo, så spennende 😀 !
En riktig god helg til deg også *klem* !
langhelg i utlandet, destinasjon ukjent!! Så spennende & sikkert (nerve-)pirrende også! 🙂
Stilig da med sånne konkurransar. Ka dei går ut på egentlig? Har du fleire i næraste framtid?
Nei, ikkje med det første! Denne kom i stand fordi eg runda 200 000 lesarar. 🙂