Blogging, Duft
Comments 6

Gåvedryss frå Alt godt og Gimle!

Eg var innom Gimle i går for å tigge prøver til dei to som vann 200 000-besøkskonkurransen min.

Der var avkastninga langt over det ein kunne forvente. Eg har fått med to fulle posar med Acqua di Parma-prøver!

Eg har altså MANGE prøver på Colonia, Magnolia nobile og Colonia Intensa.

Desse vil eg sjølvsagt dele ut til mine engasjerte lesarar, så lenge lageret rekk.

Det dokke må gjere er å sende ein mail til altgodtblogg ætt gmail dått com, med namn og adresse, og fortel også om dokke vil ha alle tre eller berre enkelte av dei. Fyr laus! Eg set strek søndag kveld.

This entry was posted in: Blogging, Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. annalovinda says

    For ei som ikkje er så kjent i parfymens verden: alle tre takk, så kan eg bli litt betre kjent :o)

    Takk for ein veldig kjekk blogg forresten :o) du skriv godt og det er kjekt å lese!

  2. Marit says

    Kjenner ingen av dei så vil gjerne prøve alle :-O
    Koseleg blogg du har.

  3. Inger Lise says

    Takkar ja til alle eg sidan det har vore sommartemperaturar på Vestlandet. Ha ei kjempefin helg. Om du er på desse kantar sjå gjerne innom meg.

  4. Oj… eg vil gjerne ha om du har att! 🙂 Sunnmøringen i meg seier: Alle tre!! 🙂 Thi hi!

Leave a Reply