Ferie, Livet
Comments 5

Brå overgang


Brått er vi tilbake her sør, til varme, sol og mørke netter.

Vi har fått med oss vakre naturopplevingar, strålande menneske, flotte dyr og nokre kultursjokk. Fjortenåringen vart rystet i si sjel då ei jente ho vart kjent med på sin eigen alder fortalte at ho hadde ein kjæreste som var 21. Vi moralske søringane ga henne eit foredrag om grunngjevinga for reglane om seksuell lågalder, og ikkje minst ei kort skissering av strafferammene for denne typen lovbrot, utan at det gjorde særleg inntrykk på ho det gjaldt. Jaja, enkelte ting kan få bli att.

Bøndene i nabolaget har ikkje fått sådd enno, med mindre dei har gjort det i dag. Så dårleg ver har det vore, ingen avling i sikte med det første. I fjor slo dei to rundar, så det er nærast eit uår enkelte plassar. Vi fekk sjå kyrne bli slept på beite for første gong i år, rett før det vart juli. Det er ikkje oppløftande.

Bestemor har fått ein diger grill, som ho også kan bruke til bålfat, den vart ho veldig glad for. Ho bygg for maksimalbelastning, med ti sengeplassar i eit lite hus. Då kan ikkje grillen vere liten og diskret. Tante på aldersheimen vart glad for besøk, men vi skulle ha vore der mykje oftare, og tulla og tøysa og prata med henne, og sytt for at ho fekk på seg parfyme kvar dag. Ho fekk det iallfall på søndag, Anaïs Anaïs i praktisk liten veskespray.

No vert det jobbing for meg, til vi dreg til Paris i august. Men med korte dagar og mildt arbeidspress trur eg det blir leveleg. Eg nynnar på denne:

This entry was posted in: Ferie, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Jaa! Tante tenger noen som tuller og tøyser med henne, og sørger for parfymen hennes hver dag ..! Selv om man er gammel, er det nok ikke slutt på hverken forfengelighet eller behov for selskap og smil .. så det har vært kaldt i nord hittil i sommer, sier du … kremt! … ja-a, det har vel det! Kos deg vel hjemme i sør 🙂

    Likar

  2. Jeg er nødt til å bli litt alvorlig, beklager at jeg tar ned stemningen, men en dag blir den mannen tatt, i en eller annen alder. Ikke Lillebjørn, men mannen som tror at 14-åringer er ok.

    Likar

  3. maiblomst says

    Kjekt å oppleve Norge i ferien også! Flott sommarsong, og så Lillebjørn som spelar på norsk gitar frå Strand. Som han forøvrig meinte var rett ved Egersund;-)

    Likar

  4. Ann-Kristin says

    Men sånn er det på bygda… Jeg var 15 da jeg ble sammen med en på 22, men det må jo sies at han holdt seg på riktig side av straffeloven selv om omgivelsene ikke trodde stort på det. Det kan jo hende at det samme gjelder den 21-åringen dere traff? Kanskje ikke veldig sannsynlig, men… God helg uansett:-)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s