Duft, Ferie
Comment 1

Gateliv i Paris


Gatene i Paris sydar av liv, iallfall viss du finn dei rette gatene. Det handlar mykje om det, den eine gata er daud og stille, den neste sydar av liv. Utfordringa er at der det sydar av liv trivst ikkje alltid parisarane. Turistfeller, kallar mange det, desse gatene som berre har plakatbutikkar, isbarar og dyre klesbutikkar.

Vi «gjorde» nokre av desse områda i går, vi gjekk gjennom St. Germain og så tok vi t-bana til Montmartre og Sacre Coeur. Men før vi kom til St. Germain passerte vi pont St. Louis, og der sto, svært passande, eit fransk-amerikansk jazzband som spelte gamle klassikarar. På den brua står det alltid musikarar og spelar, så ein spasertur over der kan eg anbefale.

Ei av dei finaste gatene i St. Germain er Rue de Buci. Den går frå Place St. Michel, rett på andre sida av Seinen frå Notre Dame, og vestover til Rue de Four. Rue de Buci er full av fine restaurantar og koselege butikkar, men den er meir eller mindre forlatt av parisarane, iallfall i august.

Men ikkje desto mindre er den fin å vandre ned, og ikkje minst leier den fram til det flotte magasinet Le Bon Marché, som eg har skrive om tidlegare. Der vandra vi rundt og beundra uoppnåelege kreasjonar av alle slag, med prisar som gjer at ein statstilsett jurist må nøye seg med å kikke, sjølv om fjortenåringen i prinsippet kunne skli rett inn i dei alle, og sjå fantastisk ut.

Parfymeavdelinga derimot, var overkommeleg prismessig. Dermed vart Aqua Fiorentina frå Creed med Advokaten heim, og den sit framleis på huda, deilig som den er. Som eg har sagt før, Le Bon Marché er fantastisk når det gjeld duft, der finn du alt, og i rolege former. Den har til og med kjærestesofa for dei som ikkje orkar å vandre rundt, lekre brune skinnsofaer som ein kan kvile i når ein treng det.

T-bana tok oss til Anvers, og vi sloss oss igjennom gågata opp til trappene som leier opp til Sacre Coeur. Idet vi var ferdige med å ta dei obligatoriske bilda av Sacre Coeur nedanfrå, byrja regnet å dryppe. Vi spurta trappene opp, og gøymde oss for regnet under eit stort tre saman med ei stor og fargerik forsamling i same ærend.

Regnet gjekk fort over, og vi kom oss heilt til toppen og inn i kyrkja. Den er eit vakkert syn, og det er alltid rørande å sjå alle dei som opplever dette besøket som eit sjeleleg møte med noko dei trur på.

Ute på plassen att gjekk vi til høgre, og kom inn i det turistifiserte Montmartre. I ein firkant på torget oppe på høgda vert ein tilbydd portrett av alle slag, klipte siluettar, vakre kolteikningar og karikaturar. I lengda vert det masete, og eg er der ikkje lenger enn eg må. For meg er dette for turistifisert, dei har gått så langt i å gje turistane det dei vil ha at turistane ikkje vil ha det lenger.

Vi tok ei baktrapp ned til Rue de Abesses, og spaserte vestover i kveldssola som ikkje kom. Vi hadde ambisjonar om å finne Les Deux Moulins, men gjekk rett forbi utan å sjå denne berømte kaféen frå Le fabuleux destin d’Amélie Poulain. Jaja, vi får sjekke den ut ein annan gong. Rue de Abesses er iallfall ei triveleg parisergate som ikkje er totalt teken over av turistretta butikkar og «kunstnarar».

Så sykla vi glade og fornøgde heim, med tre perfekte Velib-syklar (dei er ikkje alltid det), ned Boulevard de Magenta, over på Boulevard Voltaire og så rett heim. Ein fin dag!

This entry was posted in: Duft, Ferie

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Jeg gjorde det samme som deg sist i Paris, gikk rett forbi uten å finne Les Deux Moulins! To ganger! Kanskje den er usynlig for utlendinger? Magisk kafé, liksom?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s