I dag gjorde vi Rue Faubourg de Honoré. Dette er ei av dei mest eksklusive handlegatene i Paris, og her finn du spesielt mange, spennande parfymebutikkar.
Men aller først måtte vi innom Palais Royal, og gjere nokre heilt nødvendige innkjøp. Advokaten kjøpte med seg ei av dei meir eksotiske og treorienterte duftene, Ambre Sultan. Eg kjøpte med Tubereuse Criminelle, som skal sendast til Sunnmøre for å få ein heim der. I tillegg ga eg meg sjølv Bois et Sepia som ei lita, diskret gåve.
Fjortenåringen forelska seg i Gris Clair, og den rause dama bak disken ga henne ein minipose med to prøver av den med på vegen.
Vi vandra vidare til Rosine, der Advokaten fann ein ny favoritt, Pouissiére de Rose. Det er ei orientalsk roseduft, og den er heilt nydeleg. Eg har lova å overta ansvaret for den dersom Advokaten skulle kome fram til at den likevel ikkje passar henne.
Etter Rosine var vi innom Marc Jacobs, og lukta på den nye eksklusive herredufta Bang. Den er tung på vetiver, og ingen av oss fekk den som personleg favoritt, men den kom med ei t-skjorte som fjortenåringen er klar til å ofre farsarven for. Vi får sjå seinare i veka, om den vert hennar. Den kjem iallfall til å vekke oppsikt i nabolaget, om den kjem dit.
Etterpå kom vi forbi eit heilt alminneleg parfymeri, som tilfeldigvis hadde -20% på heile sortimentet sitt. Det var ikkje til å oversjå, og dessutan fann eg den nye dufta til Van Cleef & Arpels, dei som lagar First og Fairie. Dufta heiter Oriens, og stiller i verdsklasse når dei styggaste parfymeflaskene skal kårast. Bilde kjem seinare. Men dufta er nydeleg, så då vart den med.
Penhaligon var neste stopp, og eg pådro meg den franske ekspeditørens diskrete vrede ved å lukte på korkene, og ikkje på dei oppstilte glasa med blotterar som han så samvitsfullt hadde spraya den same morgonen. Eg brydde meg ikkje, og fortsatte slik eg alltid gjer det. Korka først, så eventuelt på blotter, og til slutt på ein vonaleg rein plass på armen, viss eg verkeleg likar dufta.
Her var det igjen Advokaten som slo til, med Malabah, ei nydeleg varm og krydra duft, utan å bli for påtrengande. Eit godt kjøp, syns eg.
Vi måtte også innom Colette, den mest spennande butikken, ifølge fjortenåringen. Der finn du buttons, lipgloss, parfymer, kunstkonfetti, grisedyre og stilige sko og antrekk og nydelege first aid-kits som dessverre måtte bli igjen i butikken. Advokaten vurderte Citizen Queen sin Calamity Jane, men kom til at namnet var kulare enn dufta.
Annick Goutal var også verd eit besøk, men då var vi ganske mette på duft. Plutseleg var ingenting interessant lenger. Men vi pressa oss innom Jar og, der duftpresentasjonen er meir ein happening enn som i eit vanleg parfymeri. Det lilla fløyelstrekte rommet imponerte oss, og det gjorde også duftene.
Til slutt måtte vi kvile beina, og Hotell Costes var det naturlege valget. Nokre lekre vegetarrettar seinare (og eit besøk på eit veldig glamorøst toalett) var vi ferdige med fredagsvandringa i Paris. Vi valde våre Velib-syklar, og trakka heimover, velduftande og slitne. Kvelden vart tilbrakt i sofaen, luktande på ulike punkt på armane der dagens dufter sit att.
Wow! For en dag dette hørtes ut som! 😀 Parfyme i Paris må være en utrolig opplevelse, spesielt salongen i Palais Royal! Der har jeg masse i vente spennende i vente, har også lyst å se Guerlain, Montale, CdG, Etat Libre d’Orange, Colette må besøkes også..
Kos dere videre, Tusen takk for TC! 😀
Så gøy! 😀 Ser ut som ein velparfymert dag.
Skulle gjerne kjøpt tre flasker hjå Serge Lutens. 🙂