Ferie, Reise
Comments 2

Velib i Paris – ei bruksanvisning

Dei første gongane eg var i Paris sverga eg til t-bana. Paris har eit fantastisk t-banesystem, godt utbygd og ikkje spesielt dyrt heller.

I fjor sommar budde vi slik til at vi brukte ein del buss, og det fungerer også veldig godt, sjølv om det er uoversiktleg med så uendeleg mange busslinjer og stasjonar. Då oppdaga eg gleda ved å reise oppå bakken. T-bane er fint, men når ein skal prøve å få oversikta over ein by er det avgjerande at ein klarer å orientere seg i forhold til monument og kjende plassar, elva og himmelretningane.

Eg såg Velib-syklane då og, men brukte ikkje tid på å finne ut av dei. I oktober i fjor gjorde eg det for første gong, og frå no av er det sykkel som gjeld. Å sykle i Paris er slett ikkje så vanskeleg. Dei fleste plassar deler syklar og buss felt, og det er fysisk avgrensa frå resten av trafikken med ein låg kant. Stopp tett inntil kanten mot fortauet når du skal lese kart, og unngå å stå i vegen for andre trafikantar, så går det kjempefint.

I dei store rundkøyringane, som den utanfor bastillen, rundt den gamle operaen og Place Etoile, kan du velge om du vil vere syklist eller fotgjengar. Er du usikker kan fotgjengarløypa vere enklare. Men med litt rutine og oversikt over det franske rundkøyringssystemet (mange plassar vert trafikken stoppa inne i rundkøyringa med lys slik at dei som kjem inn får plass – omvendt av det norske, altså) går det fint å vere i køyrebana og.

For å bruke ein Velib-sykkel går du til ein stasjon, og brukar den sida av stasjonen som har ein berøringsskjerm. Eg byttar språk når eg skal registrere meg, når eg tek sykkel seinare er det ikkje nødvendig lenger. Velg 3 for å bytte språk, og 2 for engelsk.

Så får du spørsmål om du vil abonnere. Trykk 1 for abonnement. Så går du igjennom abonnementsprosedyra steg for steg. Husk å godkjenne vilkåra for abonnementet ved å gå heilt nederst på side 5, då kjem Valider-knappen opp. Valider betyr godkjenn, det tok litt tid før eg forsto det.

Du må registrere eit kredittkort som sikring for verdien av sykkelen du låner. Du kan ha fleire syklar på same kort. Så må du velge ei firesifra kode som du skal bruke saman med abonnementsnummeret ditt når du tek ein sykkel. Er ein fleire saman kan ein likevel ha same kode.

Når du har kome igjennom heile prosedyra får du eit kort med ditt åttesifra abonnementsnummer på. Det kan du like gjerne lære utanat med ein gong.

Sjekk syklane før du vel sykkel. Dei innlysande punkta er sete, kjede og dekk. Setet bør kunne regulerast (nokre spinn berre rundt, og let seg ikkje feste), kjedet må vere heilt og det må vere luft i dekka. Du kan og sjå etter om plastdelane sit fast, eg har opplevd å sykle med ein plastskjerm som tek borti trøa for kvar gong eg trakkar rundt. Kjedeleg.

Sykkelbrukarane har innført eit teikn på at ein sykkel ikkje fungerer: Setet vert løsna og sett bak-fram. Ser du ein sykkel som er etterlaten slik kan du vere sikker på at noko er feil med den. Viss kjeda ryk medan du syklar, så fortel det til nye brukarar på same måten.

Når du har funne ein sykkel som er ok, merker du deg nummeret, og går til automaten. Så vel du 1 for å ta ein sykkel, så tastar du inn det åttesifra nummeret og til slutt di personlege kode. Så blir du beden om å taste inn nummeret på den sykkelen du vil ha, og så kan du fjerne den frå stativet ved å trykke på knappen på pålen den sit festa til. Dra den hardt til deg, vassrett.

Gjer du stopp undervegs kan du parkere sykkelen, eller låse den. Det ligg alltid ein låsevaier i korga. Dra den ut, og rundt det du vil låse sykkelen fast i. Stikk den inn gjennom festestykket som vert brukt til å feste pålen. Der er låsepunktet. Når låsepinnen er på plass løsnar nøkkelen som sit inni der, og den kan du ta med deg i lomma.

Når du skal levere sykkelen er det også brutal makt som gjeld, dytt festestykket inn i slissa på venstre side av pålen, og løft den litt slik at låsemekanismen slår i. Du kan få bekreftelse på at sykkelen er levert ved stasjonen. Då er du sikker på å ikkje få faktura for forsvunnen sykkel.

Brukar du sykkelen opptil ein halvtime er den gratis. Så byrjar du å betale per time, og så vidt eg har klart å få brakt på det reine vert maksbetalinga aldri over 5 euro per døgn.

Syklane har litt lågt tyngdepunkt, det er litt vanskeleg i byrjinga. Det kan følest litt vinglete samanlikna med den sykkelen ein er vand med. Men det tek ikkje lang tid før ein er vand med det, og då er det ganske trygt. Ein veltar ikkje lett med desse syklane.

Problema ein kan støte på er at i sentrum kan det vere vanskeleg å bli kvitt sykkelen. Som i alle byar med bysykkelordningar er det ei utfordring at syklane har ein tendens til å ende opp i sentrum på dagen, og i utkantane på kvelden. Men stativa står tett, og skaffar du deg eit oppdatert bykart, for eksempel Paris par arondissement som har kome i ein tynnare utgåve no, så står alle sykkelstasjonane der. Dra til eit anna stativ, eller vent på at nokon forsyner seg med ein sykkel.

Er ein mange kan det og vere at ein ikkje får syklar til alle. I sentrum er dette sjeldan eit problem, mogelegvis kan det skje seint på kvelden. Men då har vi allereie sykla heim. 🙂

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Leave a Reply