Boucheron-duftene er ganske heftige i mi nase, både Trouble, Femme og Jaïpur er dufter som både du og omgjevnadane dine merkar at du har på deg.
I 2008 kom Boucheron med B, ei floral muskduft med innslag av trenotar som på mange måtar er ei motvekt til dei tyngre “store” Boucheronduftene.
Eg har prøvd og vurdert B fleire gongar, og slått den frå meg. Ikkje fordi den ikkje tiltalar meg, for det er ei velbalansert og tiltalande duft. Eg har lagt den på is fordi den varer for kort på huda.
Men her om dagen kom eg innom Glasmagasinet, og der sto det ein gåvepakke og venta som om den visste eg skulle kome. Den innehaldt EdP og bodylotion, og bodylotionen var “på kjøpet”. Det er eit klassisk triks for å auke “styrken” på ei duft å kombinere den med kroppsprodukt med same duft.
Med B fungerer det veldig godt. No, 14 timar ettar at eg tok på meg begge delar, kjennest ikkje sjølve dufta så godt lenger, men ifølge 14-åringen luktar eg friskt og nydusja, og det er jo ikkje dårleg.
B er ingen revolusjon i parfymemarknaden, men det er ei perfekt duft å “byrje med”, å bruke på jobb eller på jobbintervju for den del, og det er ei fin og lett sommarduft.
Notane er rose og appelsinblomst i toppen, osmanthus og kryddernotar i midten og seder, sandeltre og patsjuli i botnen. Patsjulien kjenner eg eigentleg ikkje, den gjer svært lite av seg på mi hud.