Chopard lanserte parfymen Madness i 2001, og akkurat idet dei skulle køyre i gang med ein internasjonal kampanje flaug det to fly inn i World Trade Center i New York. Det førte til at denne parfymen aldri fekk den merksemda den fortente, Chopard/Coty kansellerte kampanjen. Dei meinte vel at det ikkje var heilt passande med det namnet i den tida.
Dessverre har det ført til at dufta har levd eit “hemmeleg” liv i hyllene på kjøpesentera rundt omkring. Eg har ikkje sett Chopard-dufter i Norden i det heile tatt, faktisk.
I går regna det, og når det gjer det er bonusen at ein får utført litt indreteneste. Eg rydda og vaska begge bada i huset, og oppi ei korg som eg ikkje har hatt fingrane i på lang, lang tid fann eg ein liten prøve på Madness. Eg har ingen forklaring på kvar den kjem frå, viss nokon har vore på badet mitt og donert den til meg av rein og skjær glede så seier eg takk.
Dagen i dag har eg altså tilbrakt innhylla i Madness. Opninga er underleg fruktig, men langt frå søt. Eit hint av syrlege bringebær, noko sitrus og fleire ting eg ikkje klarer å identifisere dominerer dei første minutta.
Likevel er det ikkje tvil om kva som ligg under; rose og edelt treverk. Dette er ein stor woody floriental, ein av mine favorittkategoriar.
Det er ein moderne versjon av ei klassisk duft, androgyn og elegant, eg vil faktisk kalle den sexy. Den har noko animalsk over seg utan å ty til civet eller andre ting som kan bli for overveldande.
På meg vart denne dufta ikkje på noko tidspunkt overveldande, men den tek definitivt plass. Den er ikkje diskret. Det er ikkje ei sommarduft, med mindre det regnar tungt og ein treng litt varme. Utpå hausten og vinteren vil denne vere heilt perfekt for mi nase.
Treverk liker jeg, spesielt når man kan lukte teksturen: Som med Chanel Égoïste eller den jeg tenker på som jeg ikke kommer på. Jicky EdT kanskje? Bare at den har dugelige mengder men den civeten du snakker om. 😀