Duft, Ferie, Reise
Comments 7

Te og parfyme


Turen måtte gå til Mariage Fréres i dag. Dette er ein nydeleg liten tesalong som ligg i Rue Bourg-Tibourg i Marais-området, 4. arrondissement. Vi hadde to grunnar, te måtte kjøpast inn til dette kaffedrikkande huset ved Nation, og vi trengte brunch. Vi rakk nemleg ikkje butikkane i går kveld, og var dermed utan brød og anna som høyrer til ein frukost.

Brunch på Mariage Fréres kjem i fleire utgåver, vi valde ein med litt saltmat i og. Fjortenåringen fekk filorullar med røykalaks, reker på spyd og matcha-krydra eggerøre, eg fekk te-parfymert kylling på aubergineskiver, med bønner og squash i vinaigrette.

I tillegg kom dei sedvanlege sconesa, te-marmeladane og kake til slutt. Mmm! Det med te-marmelade må eg utforske nærare, det spørs om ikkje det blir årets julegåve.

Etterpå tok vi bana oppover mot Champs Elyssées, det var ikkje bysyklar å oppdrive der vi var. Vi måtte innom den store Sephoraen, der sto dei i døra og hoia folk inn, med diskomusikk og vakter som var særs høge og mørke.

Nokre nødvendige småting vart kjøpt inn, før vi gjekk inn vegg i vegg, i tempelet til Guerlain i Champs Elyssées nr. 68. På gateplan ser det uskuldig ut, men når du går opp i andre etasje, og ser gullveggane og gulltaket, forstår du at du har kome på ein heilt spesiell plass.

Sjølv eg fann nokre Guerlain-ting her som kunne ha blitt med heim. Men eg hadde bremsene på, eg har dårlege erfaringar med duftene til Guerlain. Stort sett vert dei feil på meg. Eg prøvde nokre frå spesialkolleksjonane deira som eg likte, men eg må gå meir med dei for å bestemme meg om dei er fb-verdige. (fb = full bottle…) Fjortenåringen beundra dei store flaskene, dei er fantastiske.

Til slutt fekk vi bysyklar begge to, og vi sykla tilbake til her vi bur. Vi følte oss ganske tøffe når vi dro til i rundkøyringa på plassen framfor Bastille-operaen, med seks filer og hissig tutande franske sjåførar.

Men det gjekk bra, vi fann vegen og kom oss «heim». Ein roleg middag i heimen var det vi trengte.

I dag planlegg vi Monet, Rodin og kanskje ein ny tur til Louvre. Fjortenåringen har lest Dan Brown, og meiner at ho skal finne hemmelege teikn etterletne av Illuminati. Det vil vise seg, eg tek gjerne ein ekstra runde i Louvre når det er på hennar initiativ.

This entry was posted in: Duft, Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Ha en kjempefin ferie – det er så godt å lese at dere koser dere! Her har vi plutselig 19 grader og sol, så etter å ha jobba i formiddag skal ettermiddagen og kvelden tilbringes ute, dels ved havet og dels på et lite berg, begge deler sammen med min lille firbeinte.

    Fortsett å nyt Paris 🙂

    Likar

  2. Tilbakeping: Eit nytt bekjentskap « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s