Duft
Comments 3

Dei milde gåvene


No kan eg skrive om det som låg i pakkane til Selma og Syrin, for eg postla pakkane på tirsdag, og vonar dei har komt fram.

Lista over alt som er oppi blir for lang, så du får klikke på bildet og sjå sjølv. Eg kan iallfall seie så mykje at det dufta deilig på kontoret mitt då pakkane hadde stått der over natta! Det var nok på grunn av dei velduftande lysa frå Mizensir som Heaven Scent hadde putta oppi. I tillegg frå ting frå Heaven Scent er det masse fint frå Gimle og Glasmagasinet oppi der.

Gratulerer, begge to!

This entry was posted in: Duft

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Syrin says

    Tusen, tusen, hjertans takk! Pakken sto og venta på bordet når eg kom heim i går kveld – etter eit hardt jobboppdrag i fjellheimen. Trøtt, skitten og med ømme musklar; då var det ekstra flott å komme heim til litt luksus og godlukter!! Lyset er allereie på plass i vinduskarmen på badet, og sprer velbehag i heile rommet. 6-åringen insisterte på å få prøve den råååsa lukta («AULAC» på bildet), fordi den så klart hadde rett farge på innpakkinga. Elles har eg ikkje fått sniffa meg gjennom det heile, men eg var mildt sagt overvelda over omfanget! Tusen takk igjen! 🙂

    Likar

  2. Hei – og tusen takk for dei herlege parfymeprøvene!!! Eg måtte sjølvsagt starte «prøvinga» med ein gong, og det var fantastisk å stå midt i slåtte-enga og kjenne godeluktene!!!! Elskar slike små flasker med godelukt!!! Trur eg har fått meg ein favoritt, skal rapportere attende når eg er sikker!!!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s