Grønt
Leave a Comment

Mine fem finaste

HildeG har starta ein hagestafett der vi presenterer dei fem finaste plantane vi har i hagen. Her er mine fem.

Det er ikkje store kroken, denne hagen min. Eg har ei lita rekke til, så dette er ikkje alt, men som sagt, det er ikkje stort. Det største fortrinnet er at vi har ein vaktmester som slår plenen. Det slepp eg å tenke på.

Villniss? Kaos? Kva skal ein kalle det? Strategien med å plante tett for å unngå ugras har delvis fungert, viss ein ser bort frå ugraset eg sjølv har planta, til dømes dei pittesmå praktmarikåpeplantane eg sette ned for nokre år sidan. Dette er det berømte UPC-bedet, som oppsto etter at det vart lagt inn breiband i gården vår.

Kontrastar er fint, både i farge, tekstur og bladverk. Her ser du irisblad, juleroseblad, geraniumar, oxalis, som eigentleg er eit ugras, men er så lett å luke at det får vere her, og lychnis. Pluss noko som ser ut som ein løkplante, men som eg ikkje heilt veit kva er. Ja, og så står det ei flott steppesalvie inni der.

Her er duftplantane våre samla i store krukker, pellis, duftpellis, ein flott blå salvie og duftande nellikar. Desse er Ovedia og eg spesielt nøgde med i år, ikkje sant?

Matrem og erteblomster er perfekt saman, syns eg. Akkurat denne samanplantinga syns eg har blitt veldig fin, sjølv om den som mykje anna har oppstått ganske tilfeldig.

Kva er dine fem finaste?

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply