Inni denne pakken låg det to prøver, den eine i voks og den andre i sprayform. Det er den nye Eau Duelle frå Diptyque som har kome til Heaven Scent.
Eau Duelle er ei lekker vaniljeduft, lett krydra, med litt sitrus i seg. Eg får ein følelse av å “ha på meg” ein deilig kopp varm te med mjølk og søte krydder. Den er ganske potent, men ikkje skarp.
Etterkvart får den eit preg av tobakk, ikkje røyk men den søtlege sydlandske lukta av ein tobakkspung. Når den tørkar inn vert musken meir framtredande, og den er ei utprega få-lukte-meir-duft. Du får lyst til å snuse heile tida – viss du likar vanilje.
Ein tanke slo meg, den luktar slik eg skulle ønske Shalimar lukta på meg. Eg elskar Shalimar på andre, men det er noko i den som ikkje fungerer. Eau Duelle er Shalimar si høflege og lett androgyne kusine.
Sidan eg har D&G The One, Acqva e Zucchero og Havana Vanille kjem nok ikkje denne til å kome inn i mitt skap med det første, men den er meir lettboren enn Acqva, og meir feminin enn Havana. Me like.
Du skriver at den kom i to former; som voks og i sprayform. Det med sprayen skjønner jeg, men voks? Kan du forklare?
Fint at den er ny nå som jeg planlegger tur til gamle trakter igjen 😉
Lovise: Parfyme i fast form. Ein søt liten boks (eg fekk sikkert ein miniutgåve) med voks med ganske lågt smeltepunkt, så når du gnir fingeren i boksen litt så får du med deg ein deilig parfymert “krem” som du kan ha på pulspunkta.
Elisabeth: Ja, vi skal på sniffetur saman! 🙂
Eau Duelle blir nok ikke helt meg, selv om jeg dynes den er ok. Opplever den veldig svak og behagelig transparrent på huden. Er mye mer interessant langt ut i basen. Holder meg til Shalimar for now, slipper så fint unna med den.
Uansett, prøvepakker er flott! og ja, heldig 🙂
Pingback: Diptyque: Vetyverio « Alt godt