Folk jobbar med mykje rart, dei to som er i denne filmen arbeider i toppen av master med teknisk vedlikehaldsarbeid. Det hadde ikkje vore meg, så mykje kan eg seie. Eg har ikkje høgdeskrekk, men eg har livet kjært.
For at vi skal ha fjernsyn, mobiltelefonar og andre duppedittar er det sikkert nødvendig med slike master. Og nokon må vedlikehalde dei. Eg er berre glad at nokon gjer den jobben, slik at eg slepp.
Denne filmen kjem med advarslar. Ikkje sjå den viss du har tendensar til høgdeskrekk. Og viss du ser den, husk å puste. Eg heldt på å svime av, eg trur eg holdt pusten nærare eit halvt minutt midtvegs. Unngå det. And have fun.
Hjelp. Jeg husket å puste – takk for tipset! Men at de ikke har noe sikkerhetsutstyr annet enn en krok de fester “når de må hvile”? Du hadde aldri fått meg opp dit uten minst et klatretau rundt livet….!
Ja, då skal eg unngå å sjå! Eg har absolutt høgdeskrekk, sjølv om eg innimellom prøver å utfordre meg sjølv litt…….
Huff, blir kvalm bare ved tanken….God helg, og hygg deg gjerne med en liten award som venter inne hos meg.