Denne helga har søstra mi førtiårsbursdag, gratulerer, kjære du! 🙂
Eg lagar dessertar til eit selskap til sytti, og vertinna vil gjerne at folk skal få velge mellom forskjellige dessertar. Difor har eg laga 35 glass med appelsinsjokolademousse, 35 glas med mokkasjokolademousse, 40 porsjonar med pannacotta, denne gongen med multesaus, og sikkert nærare femti glas med god, gammaldags trollkrem.
Trollkrem er ein kjempefin allergikardessert, gluten- og mjølkefri.
1,3 liter tyttebær
4 dl sukker
3 eggekviter
Pisk alt i ein diger kenwood på full fart til det blir ein fluffy krem. Denne oppskrifta fyller den største kenwooden fullstendig.
Del opp porsjonen viss du skal ha færre enn sytti gjestar. 😉 Have fun!
Trollkrem hugsar eg frå tida vi hadde skulekjøken på skulen. Det var snytande godt.Hadde det ikkje vorte for at eg er sett ut av spel fysisk skulle eg ha teke meg ein skogstur no i godveiret og plukka tyttebær og laga trollkrem. 😉
Må i samme slengen få takke for frøbrevet som kom forleden – Det skal bli interessant å prøve kvann.Eg kom ikkje så langt at eg fekk takke for frøa før eg tryna og hamna på sjukehuset nokre dagar.
Hah….trollkrem ja. Fe mej til å tenke tilbake på då ej var lita. Ej va med ei venninne heim, å vi var på besøk med besteforeldra hennes. Bestemora hadde laga trollkrem og vi fikk smake. Ej hadde ikkje smakt det før, å då sa bestefaren “ej skal vedde en 5’er på at du lika det”. Ej smakte, og beholdt maska. “mmmm….det var godt”. Tydeligvis overbevisande. Turte i alle fall ikkje å seie at ej EGENTLIG IKKJE likte det i det heile tatt. Fikk so dårlig samvittighet for å “stjele” 5 kr fra en gammal mann…hehe!!! Å då vi var gått der i fra fortalte ej til venninda mi at “veit du ka, egentlig likte ej det ikkje….”. Ho meinte ej burde sagt fra, å at vi skulle gå tilbake slik ej fikk 5’eren. Men heldigvis blei det til at vi ikkje gjorde det….hehe!! So samvittighetsfull og omtenksom he ej vore heile livet mitt vil ej påstå….hehe!!!
Tvila på ej ville likt trollkrem i dag heller, men ken veit. Mykje av det ej absolutt ikkje likte før når ej var lita, lika ej plutselig idag…