Eg har tidlegare reklamert for parfymeforumet Parfymesnakk. Der inne finn du parfymegale duftentusiastar som delar gleda over olfaktoriske opplevingar.
No i desse juletider er det sjølvsagt nærliggande å vere rause mot kvarandre, og dele goda.
Dei som administrerer forumet har vore på tiggerunde, og fått milde gåver både frå Heaven Scent og Parfumerie.
I tillegg har fleire som er deltakarar på forumet donert dufter frå eigne samlingar.
Alt du treng å gjere for å vere med i trekninga er å gå inn på forumet, registrere deg som brukar viss du ikkje allereie er det, og skrive eit innlegg i julegåvedrysstråden der du skriv om dine duftopplevingar i året som er i ferd med å ebbe ut.
Hiv deg på, det er spennande premiar i vente!