All posts tagged: fastelavn

Fastelavnskake på bordet med kaffe i koppar og serviettar på brodert duk.

Fastelavnkake

Fastelavn er ei av dei høgtidene som eg huskar på berre på grunn av all den gode maten. Vi har feitetysdag, då skal det ifølge tradisjonen vere rømmegraut til middag. Blåmandag vart også kalla fleskemandag, då var det vel flesk og duppe som gjaldt, vil eg tru. Men fastelavnsbollane toppar det heile, og eg har til og med våga meg over i dei svenske mattradisjonane, og lagar dei som semlor. Ein klassisk norsk fastelavnsbolle er ein vanleg kveitebolle delt i to, med kremfyll. Det er vel og bra, men svenskane har løfta bollane eit hakk: Dei tek ut litt av fyllet, piskar kremfløyte, vender bollekrumme i smular og riven marsipan inn i kremen, og fyller bollane med det. Då heiter det semla, og dei finn du frå januar til april i Sverige, så glade er dei i denne bollekonstruksjonen. Men før ein byrjar å tenke på fyllet, må ein ha ein god gjærdeig å jobbe med. Sjølv om eg har bakt i mange år, så syns eg spesielt søt gjærdeig er utfordrande å få til. …

Fastelavnsbollar

Sjølv om det å faste stort sett er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn. Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta. På søndag er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Rømmegraut er perfekt servering på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Då er fasta fullt ut i gang, og ein får ikkje spise seg overmett før på påskeaftan. Det er mykje å passe på, altså. Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Dette er ein stor deig, …

Ein einaste stor bolle

Like visst som at jul og påske kjem rullande, så har vi fastelaven midt imellom. Fasting er det kanskje ikkje så mange som driv med lenger, bortsett frå at fem-to-dietten ga ein slags faste eit oppsving. Men ei triveleg fastelavensfeiring med gode bollar, fargerike ris frå sanitetsdamene og lysare dagar, det høyrer med. Mange seier dei slit med å få gode, luftige bollar. Då har eg berre eit råd å gi: Smør deg med tolmod. Ein feit, søt deig må få god tid på seg til å heve, og det å stresse gjer berre at ting går i ball. Heving kjem an på så mange ting, mjølet, gjæra, temperaturen på væska, temperaturen i rommet, om det er trekk i rommet og mykje meir. Eg blir oppgitt over oppskrifter der det står at deigen skal heve i 30 minutt. Mine deigar har stort sett berre så vidt vakna etter 30 minutt. Dei treng lengre tid, og då vert resultatet bra. I år gjorde eg ein ny vri på bollane, eg lagde ei fastelavenskake! Det var veldig …

Fastelaven! I år igjen!

Ja, tenk det, det blir fastelaven i år og. Eller er det fastelavn det heiter? Det er jammen ikkje godt å seie. Dagen i år er søndag 7. februar, så det er berre å byrje planlegginga av kva type bollar du planlegg å servere. Viss du treng inspirasjon, så kan du sjå på mine fastelavensoppskrifter, som eg har samla på Pinterest. Ha ein fin søndag!

Godt nytt år! Og når er fastelaven, då?

Godt nytt år! Eg er lei for at det har vore så stille her i bloggen ei stund, men det heng saman med at vi har overteke eit fantastisk hus i Sverige som har teke nesten all ledig tid. Vi feira ein utruleg fin nyttårsaftan der, og vi skal tilbake så ofte vi kan for å tilbringe helger og fridagar i fredelege Bengtsfors kommun. Men det slår ikkje feil, når eit nytt år er på plass så byrjar søketreffa å kome: Når er fastelaven i år? Slik går det når ein har samla på bolleoppskrifter og grautoppskrifter i årevis. No har eg forresten samla alle fastelavensinnlegga mine på Pinterest, så du kan finne ei oppsummering der. Det viktigaste er likevel dette: I år er fastelaven søndag 15. februar. Det er berre å byrje å øve på gjærdeigskillsa!

Mine gode fastelavensbollar

Sjølv om det å faste er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn. Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta, I morgon er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. I gamle dagar fekk både kvinner og dyr ein omgang med riset, heldigvis har vi ris berre til pynt no for tida. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Det er mykje å passe på, altså. Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Slik gjer eg det: Fastelavnsbollar 2-2,5 liter kveitemjøl …